Glascontainer og hyttecontainer på Vassenden blir flytta f.o.m 29.10.15 frå omsorgssenteret på Vassenden til Bjørkelia (ved golfbana)
Problem med appen
Vi har oppdaga at dei som har iPhone og har oppdatert til iOS 9 så vil ikkje appen vår fungere. Vi jobbar med ei oppdatering som skal løyse problemet og håpar at den skal vere tilgjengeleg om ikkje så altfor lenge. Andre telefonar og OS skal fungere som normalt.
Renovasjonsrutekalender 2015/16
Nytt løyve
Fylkesmannen gir løyve etter ureiningslova til handtering av avfall på Hesjedalen avfallsplass til Sunnfjord Miljøverk IKS. Løyvet finn de her.
SUM søkjer om løyve til utviding av deponi
Sunnfjord Miljøverk IKS søkjer om løyve til å utvide eksisterande deponi. Søknaden som er sendt Fylkesmannen i Sogn og Fjordane finn du her.
SUM-info 1 2015
Alt hushaldningsavfall frå betalande abonnentar leverast gratis på gjenvinningsstasjonane
Endring i SUM: Alt hushaldningsavfall frå betalande abonnentar leverast gratis på gjenvinningsstasjonane
Styret i Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) har avgjort at selskapet skal ta i mot alt hushaldningsavfall utan ekstra betaling. I dette ligg at gebyret den enkelte betalar til eigen kommune dekker kostnaden. Ordninga er gjort mogleg med bakrunn i SUMs økonomi.
Hittil har alt «laust» inventar frå huset kunne leverast utan ekstra betaling.
No kan den betalande abonnenten også levere treverk etter sitt eige ombyggingsarbeid (= sjølvgjort) utan ekstra betaling. Det same vil gjelde for til dømes kloparafinvindauge, asbesttak og cca-impregnert treverk; Ingen ekstra betaling når abonnenten ved levering kan godtgjere et avfallet kjem frå bustad i SUM-kommune der abonnenten betalar renovasjonsgebyr.
Næringsavfall kan i mindre omfang også leverast på stasjonane, hovudanlegget på Einestølen kan ta større mengder. Her gjeld betalingsordningane som før.
Etter denne avgjersla går SUM mot straumen.
Det har vorte vanleg i andre selskap å ta betalt også frå hushaldningsabonnentar ved levering på gjenvinningsstasjonane.
App nyheit i Sunnfjord!
Appen er meint som eit hjelpemiddel for å huske kva dag du skal trille fram dunken din.