Hopp til hovedinnholdet →

Dette skjer med avfallet ditt

Lurer du på kva som skjer med avfallet etter at du har levert det? 

Restavfall

Restavfallet blir henta heime hos deg, og levert til Einestølen. Der blir det lasta over i konteinarar og frakta vidare til BIR sitt forbrenningsanlegg i Rådalen i Bergen. Forbrenningsanlegget produserer elektrisitet og varme til innbyggarane i Bergen.   

Les meir: om forbrenningsanlegget i Rådalen

Matavfall

Matavfallet vert henta heime hos deg, og levert til Einestølen. Deretter blir det lasta over i konteinarar og frakta av Sumtrans til IVAR sitt biogassanlegg i Stavanger. IVAR sel biogassen som drivstoff.  

Papp og papir 

Vi hentar papp og papir heime hos deg, og leverer det til Norsk Gjenvinning i Førde. Deretter blir det frakta til Norsk Returkartong i Oslo. Noko av den utsorterte drikkekartongen vert sendt til Norrköping i Sverige. Der blir det brukt i produksjon til blant anna emballasje til pizza og kornblandingar, og emballasje til ispinnar, kake og vaskemiddel. Drikkekartongane som ikkje vert sendt til Sverige, blir til nytt papir, kartong eller papp på ein papirfabrikk i Norge eller andre plassar i Europa. Resirkulert papir blir brukt til å lage ludobrett, teikneblokker, kontormateriell og konvoluttar.

Les meir her: Kildesortering av drikkekartong - Grønt Punkt Norge (grontpunkt.no)

Hushaldningsplast

Plasten vert henta heime hos deg, og levert hos Norsk Gjenvinning i Førde. Der blir den plukka opp av Plastretur, som samlar inn plast frå både privatpersonar og næringsliv hos oss. Det er få nasjonale anlegg for gjenvinning av hushaldningsplast, og ingen i Norge. Derfor blir plasten sendt vidare til Tyskland, på ein mest mogleg miljøeffektiv måte.  Miljøgevinsten ved å kjeldesortere på denne måten er mykje større enn at plasten går til forbrenning i Norge.  

Gjenvunne plast kan brukast til blant anna  å lage plastposar, avfallssekkar, blomsterpotter, bøtter, leikestativ eller benkar. Eller det kan bli om til ny emballasje.  

Les meir her: Kildesortering av plastemballasje - Grønt Punkt Norge (grontpunkt.no) 

Glas- og metallemballasje

Glas og metall vert samla inn frå konteinarane som står plassert rundt omkring i kommunane, og sendt vidare til Sirkel sitt gjenvinningsanlegg i Fredrikstad. Det er eit av dei mest avanserte anlegga for sortering av glas- og metallemballasje i Europa. Glas- og metall utvinnast av sand og mineral. Glas- og metall kan vi gjenbruke i det uendelege. 75 % av all aluminium som er produsert sidan 1886 er framleis i bruk, og all innsamla glasemballasje blir gjenvunne.   

Les meir: Om Sirkel - Sirkel  

Batteri

Batteriretur i Fredrikstad samlar inn alle typar batteri frå heile Norge. Du kan levere batteri på gjenvinningsstasjonar eller du kan levere dei der du kjøpte dei. Dei innsamla batteria vert levert til Batteriretur i Fredrikstad. Dei tek imot alle typar batteri frå heile landet. Mange av batteria inneheld material som kan brukast på nytt. I tillegg kan dei vere farlege dersom dei vert handtert feil. Derfor er det svært viktig at vi alle sorterer ut batteri og leverer dei til gjenvinning.  

Les meir: Batteriretur - Batteriretur