Prisar på våre gjenvinningsstasjonar - for hushaldningsabonnentar
For at den rettferdige betalingsmodellen skal fungere, må vi innføre betaling på gjenvinningsstasjonane slik at alle betaler for det avfallet dei leverer, uansett om det er via dunken heime eller på ein hengar på gjenvinningsstasjon. På denne måten blir kostnadane rettferdig fordelt.
Prisar:
Bil, mindre køyretøy eller gåande: 150 kroner
Varebil: 350 kroner
Bil med hengar: 350 kroner
Varebil med hengar: 400 kroner
Traktor: 800 kroner
Varebil: Vi tar utgangspunkt i kva bilen er registrert som hos Statens Vegvesen. Du kan sjekke køyretøyopplysningane i vognkortet eller på Statens Vegvesen si eiga heimeside. Sjå køyretøyopplysningar her.
Metall, hageavfall, EE-avfall (elektrisk avfall), farleg avfall, papp/papir, plastemballasje og glas- og metall utan ekstra kostnad. Dette er inkludert i grunnbeløpet ditt. Det vil seie at dersom du kjem med i eit køyretøy med berre éin eller fleire av desse avfallstypane, skal du ikkje betale. Har du derimot med deg avfall (uansett størrelse eller vekt) som ikkje er på lista over, må du betale utifrå kva køyretøy du kjem i.
Du kan betale med vipps, kort eller kontant på alle gjenvinningsstasjonane.