Hopp til hovedinnholdet →

Plastemballasje:

 Du sorterer ut plasten – vi hentar den.

Alle i dekningsområdet vårt har plastsortering inkludert i abonnentet sitt, men med varierande mengde ut i frå kva abonnent du har valt.

  • 140 l papirdunk – 1 rull (12 sekkar)  

  • 240 l papirdunk – 2 rullar (24 sekkar)

  • 660 l papirdunk – 5 rullar (60 sekkar)

Det er mogleg å kjøpe ekstra sekkar ved behov. Desse får du kjøpt på gjenvinningsstasjonane våre og på kontoret i Elvegården (3. etg). Ein rull kostar 225,- inkludert moms.

NB: Vi hentar berre plast som er sortert i SUM sine eigne sekkar.

 

Det er viktig at plasten er rein og tørr. Bruk sunn fornuft: dersom det er vanskeleg å reingjere og du må bruke varmt vatn, er det betre å kaste i restavfall.

Dette kan du levere

  • Folieplast og plastposar

  • Plastbrett for matvarer, for eks. kjøttdeig, kylling o.l.

  • Plastsekkar og plastboksar

  • Plastflasker og plastkanner

  • Plastemballasje for elektriske produkt og møblar

Dette kan du ikkje levere

  • Flasker og kanner som har inneheldt oljeprodukt,

    særleg brannfarleg eller giftig avfall. Dette skal leverast

    på gjenvinningsstasjonen som farleg avfall.

  • Leikar, Hagemøblar, Bøtter, Hageslangar,

    Kjøkenreiskap

  • Vednett mv. • Isopor (EPS/XP

  • Stroppeband

De kan i tillegg levere plast på gjenvinningsstasjonane. Der tek vi også i mot andre typar plast; som plastrør, preseningar m.m Vi er pliktig å kontrollere avfallet som de leverer på gjenvinningsstasjonane, ver vennleg å lever i gjennomsiktige sekkar.

Kartlegging av verdikjeden for plastemballasje

Her finn du meir om returplast