Renovasjon næring
Sunnfjord Miljøverk IKS har overført alle næringsavtaler for renovasjon til vårt dotterselskap SUM Næring AS. SUM Næring AS vil framover tilby ledig kapasitet til næringskundar på allereie eksisterande renovasjonsruter for hushald i kommunane Askvoll, Hyllestad, Fjaler og Sunnfjord.
Godkjenning av ny avtale
Næringsdrivande som nyttar offentlege renovasjonsselskap er pliktig å ha ein skriftleg avtale.
SUM vil i løpet av året samle inn dunkar utan avtale. Ein vil få skriftleg varsel i forkant.
For å godkjenne ny avtale, følg denne lenka
Prisliste næring, pr år.
Gjeldande frå 1.7.2024, og vert justert etter eit år. Prisar er eks. moms.
Innsamling av matavfall
Sunnfjord Miljøverk IKS har no starta innsamling av matavfall. Det vil vere mogleg å bestille matavfallsdunkar for utsortering av matavfall i tråd prisliste ovanfor. Tilbod om utsortering av matavfall skjer i samband med regjeringa si endring av avfallsforskrift kapittel 10a. utsortering og materialgjenvinning av enkelte avfallstypar. Som næringskunde står du fritt til å nytte deg av ordninga, men både utifrå miljøomsyn og endra tømmefrekvens på restavfall, er matavfallssortering noko ein som næring bør vere med på.
Tømmefrekvens
Som ei følgje av innføring av utsortering av matavfall er frekvensen for innhenting av restavfall og matavfall satt til annakvar veke. Det vil ikkje vere mogleg å få anna tømmefrekvens enn det som går fram av renovasjonskalenderen. Dei som tidlegare berre har hatt tømmingar på særavtale eller førespurnad, vert no knytt opp mot ordinær renovasjonsrute og tømmefrekvens.
Følg lenka for fullstendig renovasjonskalender: https://www.sum.sf.no/renovasjonskalender/
Ved innlevering skal dunken vere reingjort.
Har de behov for større behaldar kan vi og tilby container som vert tømt på ordinær renovasjonsrute. Ta kontakt for tilbod.