Hushaldningsabonnent
Ta kontakt med oss dersom
Dunken din ikkje er tømt
Du har tilbakemelding til sjåføren på renovasjonsbilen
Du vil endre størrelse på dunken din
Du har andre spørsmål rundt abonnementet ditt
Ved flytting: Dunken din er knytt til gards-og bruksnummer. Det vil seie at dersom du skal flytte, skal du la dunken stå igjen. Dersom du manglar dunk på den nye adressa di må du ta kontakt med oss.
Frå 2025 vil vi sende faktura 4 gongar i året.
I abonnementet får du:
Tømming av restavfall og matavfall anna kvar veke.
Tømming av papir og plast kvar fjerde veke.
Levering av farleg avfall til gjenvinningsstasjonane
Innlevering til årleg henterunde
Bruk av returpunkt/emballasjemottaka
Utleige
Alle som leiger ut hus/leiligheit eller hyblar er pliktig til å ha meir enn eit abonnement.
Ei gebyrpliktig eining er
Sjølvstendige husvære med kjøkken og toalett
Hybelleiligheit
Inntil tre hyblar med felles kjøkken og toalett (fire hyblar gir dermed to gebyrpliktige einingar).
Dersom det blir oppdaga at du ikkje oppgir utleige, kan du rekne med å måtte betale for tidlegare år.
For meir informasjon sjå renovasjonsforskrifta.
For å gjere endringar på abonnementet ditt ta kontakt via våre webskjema