Kasserte Fritidsbåtar
Sunnfjord Miljøverk tek i mot kasserte fridtidsbåtar utan motor på inntil 15fot vederlagsfritt på hovudanlegget, Einestølen i Førde, ikkje på dei andre gjenvinningsstasjonane.
Dersom du ønskjer å motta refusjon (vrakpant) for båten må du fylle ut og ta med dette skjemaet
Meir informasjon om ordninga finn du her: Miljødirektoratet
Dette må vere oppfylt for at båten skal kunne leverast vederlagsfritt og ha rett til refusjon (vrakpant)
Båten må vere 15fot eller mindre.
Båten kan ikkje vere i aluminium
Motor og anna metall (kjøl, ballast e.l) må vere fjerna før levering