Hopp til hovedinnholdet →

Deponi

Deponering av avfall

Vi tilbyr mottak, sortering og deponering av massar både klassifisert som inert, ordinært og farlig avfall på Einestølen i Sunnfjord Kommune. Løyve er tildelt av Statsforvaltaren, og regelverket for deponering ligg under Avfallsforskrifta kap 9.

I tillegg til forureina massar/jord, tek vi i mot mellom anna industriavfall, betong, oljeforurensa massar, blåsesand, ristegods, gateoppsop og asbest. Avfall som skal leverast til deponi, skal vurderast og klassifiserast av avfallsprodusenten. Det er avfallsprodusenten som har kunnskap og innsikt i avfallet. Sunnfjord Miljøverk skal kontrollere at avfallet og dokumentasjonen er innanfor lovverket som er tildelt.

Avfall som skal til deponi, må basiskarakteriserast. Basiskarakterisering er ei grundig vurdering av avfallet. Det skal komme fram i basiskarakteriseringa kvar avfallet kjem frå og kva miljøgifter det inneheld.

Sunnfjord Miljøverk har utarbeida ein rettleiar som seier noko om kva krav vi stiller til karakteriseringa og vurderinga av avfallet. Rettleiar og skjema er tilgjengelig under.

Avfall som ikkje oppfyller kriteria for mottak ved deponiet skal avvisast og meldast til Statsforvaltaren.