Tøming kloakkslam / septiktankar
Planlagde tømmingar skal varslast ved «lapp» i posten eller e-post og SMS frå slamtømmar minimum 14 dagar før tømming. Når du får tømmevarsel må tanken klargjerast. Dersom slamentreprenøren ikkje får tømt grunna manglande tilkomst eller klargjering, vert tømming rekna som utført. Ny tilkjøring vert rekna som ekstratømming og er dyrt! Kommunane får opplysning frå SUM om feil på anlegga, abonnenten er ansvarleg for retting.
Trykk her for å finne når tanken din sist vart tømt og når neste tømming er planlagt.
Viss du har spørsmål angåande tømminga av septiktankar kan du sendast ei hendvending til post@sum.sf.no eller ringe 57 72 41 50.
EKSTRATØMMING /NAUDTØMMING SEPTIKTANKAR /SLAMAVSKILJARAR:
Norva24 Vest AS - Miljøservice: Kommunen Askvoll. Tlf. 57 87 46 66 – mob. 908 75 111.
Norva24 Vest AS - Birkeland: Kommunane Fjaler, Hyllestad og Sunnfjord. Tlf. 57 78 11 70 – mob. 970 10 092.
Tvungen slamtømming gjeld for alle eigedommar som har slamavskiljar eller tett tank. Ingen har rett til unntak frå tømmeordninga. Normaltømming annakvart år på bustader, og fjerdekvart år på hytter. Tette tankar kvart år. Minireinseanlegg tømmast slik løyvet klargjer.
Tømmeplan
For å sjå når det er planlagt tømming av tanken din gå til mintank.no
Prisar
For prisar sjå gebyrforskrift-slam