Hopp til hovedinnholdet →

Faktura:  Spørsmål og svar

  • Fakturaen frå SUM består av renovasjonsutgifter, samt slamgebyr for dei som har eigen privat slamtank.  

    Frå 1.1.25 er vi i gong med ein ny gebyrmodell kalla rettferdig gebyrmodell. Denne består av ein fast grunnpris og tømmegebyr for restavfallsdunk. Du kan lese meir om denne gebyrmodellen ved å trykke her. På fakturaen du no har fått vert du fakturert for ¼ av grunnbeløpet. Vi veit ikkje på førehand kor mange gongar du vil tømme restavfallsdunken din i perioden januar-mars 2025. Tømmegebyr for restavfallsdunken i denne perioden vil difor komme med på faktura for neste periode.   

    Naustdal:
    Bur du i Naustdal(postnummer 6817) er du kjent med at du tidlegare har betalt pr. tømming. Du vil bli fakturert for tømingane som er gjort i perioden juli-desember 2024 på fakturaen som du no har mottatt.  

  • Grunnpris hushald er ein årleg kostnad som dekkjer henting, handsaming og vidare transport av matavfall, papp/papir, plastemballasje, glas- og metallemballasje(frå felles oppsamling) og administrasjonskostnadar knytt til renovasjon.  
     
    Gebyr for tømming av restavfall gjort i perioden januar-mars 2025 vil du først sjå på neste faktura. Den vert sendt april.

  • Frå 1.1.25 endrar vi rutinane! Vi har tidlegare sendt ut faktura 2 gongar i året, men vil no gå opp til 4 fakturaer i året. Dette gjer vi for at du som kunde skal ha betre oversikt over kostnadane. Vanlegvis i februar, april, juli og oktober.  

    Det er ikkje mogleg å endre til anna frekvens.

  • Svar.

  • Ja, det kan du. Ta kontakt med oss, så fiksar vi ein ny forfallsdato til deg. Det er ikkje mogleg å utsette forfallsdato til lengre enn neste faktureringsperiode.  

  • Dersom du ikkje betalar faktura innan forfallsdato vil du motta purring inkludert purregebyr og forseinkingsrenter. Dersom denne ikkje vert betalt vil du motta inkassovarsel. SUM samarbeidar med Intrum for behandling av kundefordringar.  

  • Enkelte får ein bindestrek på slutten av KID-nummeret sitt. Dette er ein del av nummerrekka som må vere med for at du skal få KID-nummeret godkjent i betalinga di.

  • Dersom du for eksempel har betalt dobbelt, eller av ein eller anna grunn betalt for mykje, vil vi tilbakebetale beløpet til deg. Dette gjer vi vanlegvis etter forfallsdato. Opplever du at dette ikkje skjer ber vi deg ta kontakt med oss, så kan vi tilbakebetale beløpet til deg innan kort tid.  

  • Nei, vi har dessverre ikkje moglegheit for å sende faktura for renovasjon pr. e-post.  

  • Har du ein eigedom med eit privat avløpsanlegg vil du få faktura for tømming frå Sunnfjord Miljøverk. Årsgebyret vert fordelt over 4 terminar, og dekker tømming av slamtank på ordinært rute. Alle private avløpsanlegg må tømmast regelmessig og skal ta del i denne ordninga. Jobben vert utført av Norva24. Du kan sjekke når tanken din sist vart tømt, og når neste tømming er planlagt på mintank.no.


    For meir informasjon om prisar kan du sjekke gebyrforskrifta vår her.

Finn du ikkje svar på det du lurer på? Send ein e-post til sum@sum.sf.no, eller ring oss på 57 72 41 50.