Hopp til hovedinnholdet →

Her får du tak i matavfallsposar og plastrullar

Lita jente sorterer plastavfall på kjøkkenet.

Foto: Johnny Syversen/LOOP, Kilde: LOOP

Vi tek meir enn gjerne imot tips til fleire stader vi kan sette ut posane og plastrullane. Det viktigaste er at du som kunde lett skal få tak i nye når du har behov.

  • Sunnfjord

    • Bygdetunet i Viksdalen

    • Coop Extra Naustdal

    • Coop Extra/Obs Bygg Førde (Kronborgvegen)

    • Coop Prix Skei

    • Førde og Naustdal gjenvinningsstasjon - Einestølen

    • Gaular gjenvinningsstasjon - Sande

    • Joker Naustedalen

    • Jølster gjenvinningsstasjon - Skei

    • Kontoret vårt i Elvegården (3. etg)

    • NorEngros, Førde

    • Spar Bygstad

    • Spar Jølstraholmen


       

    Fjaler

    • Dale Senter

    • Fjaler gjenvinningsstasjon - Flekke

    • Fjaler kommunehus

    • Joker Flekke
       

    Askvoll

    • Askvoll gjenvinningsstasjon - Olsetvikane

    • Askvoll rådhus (kun plastrullar)

    • Power Askvoll (kun matavfallsposar)

    • Joker Atløy

    • Joker Kvammen

    • Joker Værlandet

    • Joker Bulandet


    Hyllestad

    • Bunnpris Leirvik

    • Hyllestad gjenvinningsstasjon - Staurdalen

    • Matkroken Sørbøvåg

NB: Lista blir stadig oppdatert.

Matavfallsposar og plastrullar er inkludert i gebyret ditt, så dei kan du plukke med deg utan ekstra kostnad. Vi ber om at du berre tek med ein om gongen. Matavfallsposane skal vare om lag 6 månadar, og plastrullane om lag eitt år (12 stk).

Plastsekkane skal berre brukast til plastemballasje - alt anna avfall levert i desse sekkane vil ikkje bli tatt imot på gjenvinningsstasjonane.

Kurv til papirposane kan du få utlevert på gjenvinningsstasjonane våre og på kontoret på Elvegården.