Hopp til hovedinnholdet →

Sunnfjord Miljøverk IKS

Sunnfjord Miljøverk er skipa av kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Gaular, Førde, Naustdal og Jølster, i medhald av lov 1999-01-29 nr 06: Lov om interkommunale selskap.
Vi har om lag 29 000 innbyggarar og 12 500 abonnentar.

Sunnfjord Miljøverk skal tilby løysingar som verda treng, til glede og nytte for folk og lokalsamfunnet.

  • Vi skal aktivt nytte og utvikle berekraftige og brukarvenlege tenester, og tilby desse til våre abonnentar og kundar.

  • Vi skal vere ein synleg aktør i lokalsamfunnet og ta ei aktiv rolle i å opplyse, informere og rettleie gjennom god ekstern kommunikasjon.

  • Vi skal vere i front i utviklinga av effektive klima- og miljøløysingar, og utvikle framtidsretta og moderne anlegg.

  • Vi skal vere ein trygg og attraktiv arbeidsplass med god bedriftskultur, som prioriterer kompetanseutvikling.

  • Vi skal ta initiativ til, og samarbeide med, aktørar i regionen for å utvikle næring og bidra til lokal verdiskaping.

Formål:

  • Innsamling og transport av alle avfallstypar etter nærare avtale med kommunane.

  • Bygging og drift av behandlingsanlegg for restavfall etter gjenvinning.

  • Selskapet skal bygge og drive innsamlingssystem, mottak gjenvinningsanlegg, mellomlagring og vidaresending av spesialavfall og avfall som kan gjenvinnast. Selskapet kan søke samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap der dette er naturleg.

  • Selskapet kan delta i, - til dømes ved aksjekjøp - og / eller opprette sjølvstendige selskap - til dømes aksjeselskap - som skal ivareta spesielle oppgåver som har samanheng med drifta.

  • Selskapet skal legge særleg vekt på miljøvenlege drift i alle ledd i avfallsbehandlinga og reduksjon av avfallsmengda. Selskapet skal gje pålegg/råd i spørsmål som gjeld renovasjon, og i nært samarbeid med kommunane informere publikum og næringsdrivande om drifta av selskapet. Selskapet skal i informasjonsarbeidet leggje vekt på å gje auka kunnskap og forståing for miljøvenlege behandlingsmetodar.