Rettferdig betalingsmodell
Frå 1. januar 2025 innfører vi ny gebyrmodell for hushaldningsabonnentar. Den nye betalingsmodellen, kalla rettferdig betalinsgmodell, er basert på prinsippet om at du skal betale etter kor mykje du kastar. Renovasjonsgebyret vil bestå av to delar: eit fast grunngebyr og ein variabel del som vert påverka av antall tømmingar av restavfall.
Slik blir modellen for deg med eigen restavfallsdunk
Grunngebyr: 3500 kroner.
Dette er ein årleg kostnad som vil vere lik for alle bueiningar med eigen dunk. Grunnbeløpet dekkjer henting, handsaming og vidare transport av matavfall, papp/papir, plastemballasje, glas- og metallemballasje og administrasjonskostnadar knytt til renovasjon.
Tømmegebyr for restavfall: 100 kroner (140 liters dunk)/ 175 kroner (240 liters dunk).
Det vil seie at du får eit tilleggsgebyr på 100 kroner (140 liters dunk) for kvar gong du sett fram restavfallsdunken din.
Slik blir modellen for deg som bur i sameige/burettslag
Fastpris: 4900 kroner
Dette er ein årleg kostnad som vil vere lik for alle bueiningar. Grunngebyret dekkjer henting, handsaming og vidare transport av matavfall, restavfall, papp/papir, plast-, glas- og metallemballasje, samt administrasjonskostnadar knytt til renovasjon.
Slik blir modellen for deg som har lukeopning (nedgravd anlegg)
Grunngebyr: 3500 kroner.
Tømmegebyr for restavfall: 20 kroner for kvar gong du opnar restavfallsluka.
Servicegebyr: I tillegg kjem det ei årleg avgift på 200 kroner for å dekke vask og service på anlegget. Denne avgifta vil bli fordelt på termingebyra.
Betaling på gjenvinningsstasjonane
For at den rettferdige betalingsmodellen skal fungere, må vi innføre betaling på gjenvinningsstasjonane slik at alle betaler for det avfallet dei leverer, uansett om det er via dunken heime eller på ein hengar på gjenvinningsstasjon. På denne måten blir kostnadane rettferdig fordelt.
Prisar:
Bil, mindre køyretøy eller gåande: 150 kroner
Varebil: 350 kroner
Bil med hengar: 350 kroner
Varebil med hengar: 400 kroner
Traktor: 800 kroner
Varebil: Vi tar utgangspunkt i kva bilen er registrert som hos Statens Vegvesen. Du kan sjekke køyretøyopplysningane i vognkortet eller på Statens Vegvesen si eiga heimeside. Sjå køyretøyopplysningar her.
Metall, hageavfall, EE-avfall (elektrisk avfall), farleg avfall, papp/papir, plastemballasje og glas- og metall utan ekstra kostnad. Dette er inkludert i grunnbeløpet ditt. Det vil seie at dersom du kjem med i eit køyretøy med berre éin eller fleire av desse avfallstypane, skal du ikkje betale. Har du derimot med deg avfall (uansett størrelse eller vekt) som ikkje er på lista over, må du betale utifrå kva køyretøy du kjem i.
Du kan betale med vipps, kort eller kontant på alle gjenvinningsstasjonane.
NB: Matavfall må du levere som vanleg med dunk på renovasjonsruta.
Spørsmål og svar
-
Det er antall tømmingar av restavfallsdunken som påverkar renovasjonsgebyret ditt. Jo færre tømmingar, jo lågare gebyr. Målet med dette er å redusere mengde restavfall som vert kasta. Restavfall er dyrt å behandle og er ikkje-gjenvinnbart. Dersom du er flink til å sortere avfallet ditt kan du redusere mengde restavfall. Sorter ut papp/papir, plast, batteri og matavfall. Dette kan du levere så ofte du vil på tømmeruta utan at det aukar renovasjonsgebyret ditt. Glass- og metallemballasje kan du levere på felles oppsamlingsplass.
På gjenvinningsstasjonane kan du levere metall, hageavfall, EE-avfall, farleg avfall, papp/papir, plastemballasje, og glas-og metall utan ekstra kostnad. Dette er inkludert i grunngebyret. Det vil seie at dersom du kjem med i eit køyretøy med berre éin eller fleire av desse avfallstypane, skal du ikkje betale. Andre avfallstypar vert betalingsvare på gjenvinningsstasjonane frå 1. januar 2025.
-
Pris for restavfallstømming varierar etter kva dunk du har.
140 liter restavfallsdunk: 100 kr(inkl. mva) pr. tømming
240 liter restavfallsdunk: 175 kr(inkl. mva) pr. tømming
Fellesanlegg med tilgangskontroll: 20 kr pr. lukeåpning(inkl. mva)
For burettslag med større dunkar - sjå eige spørsmål
-
Grunnprisen er på 3 500kr(inkl. mva). Dette er det minste du må betale dersom restavfallsdunken aldri vert sett fram til tømming. Set du fram ein standard 140 liter restavfallsdunk fram ved kvar moglege tømming – 26 gongar - vil du betale 6100kr i året. For ein 240 liter restavfallsdunk er maks årspris 8050kr.
-
Vi forstår at modellen kan slå hardt ut mot enkelte grupper i samfunnet, til dømes småbarnsfamiliar med tanke på bleiebruk og mengda restavfall dei genererer. Likevel om modellen kan verke urettferdig mot enkelte grupper, kan vi ikkje frita eller setje ned avfallsgebyret ut ifrå sosiale omsyn, jf. Miljødirektoratet sin «Veileder for beregning av kommunale avfallsgebyr», kapittel 4.3.5. Alle abonnentar må betale for restavfallet dei set fram. Vi oppfordrar likevel til auka fokus på avfallsreduksjon og sortering av andre avfallsfraksjonar for å minimere dei totale renovasjonskostnadane for hushalda.
-
Alle dunkar er merka med ei RFID-brikke. Når renovasjonsbilen tømmer dunken, vert brikka automatisk lest og tømminga registrert. Dersom RFID-brikka blir fjerna, vil SUM automatisk få ei feilmelding, og dunken vert ikkje tømd.
På fakturaen din vil du ha full oversikt over kor mange gonger dunken din har blitt tømd. Vi jobbar med å få på plass ein ny nettside med ein «mi side»- funksjon. Der kan du som kunde logge deg inn for å få full kontroll over ditt eige abonnent hos oss.
-
Dersom dunken din står fast ved oppstillingsplass, må du sikre deg ein «gul stafettpinne». Den skal du bruke dei gongane du ikkje vil tømme restavfallet. Dersom pinnen ikkje heng på dunken, vil renovasjonsbilen tømme dunken, og tømminga blir registrert. Den «gule stafettpinnen» får du tak i der du finn plastrullar og matavfallsposar frå slutten av november.
-
Vi vil halde fram med å køyre dei same rutene som tidlegare. Du bestemmer sjølv når du ynskjer å sette fram dunkane dine til tømming.
Restavfall kvar 2. veke
Matavfall kvar 2. veke
Papp/papir/plast kvar 4. veke
-
Dersom du deler dunk med nokon vil begge partar betale eit ordinært grunngebyr på 3 500kr kvar. Tømmekostnadane for restavfallsdunken vert fordelt likt mellom dei som delar dunk.
-
Vi anbefalar at du merkar dunken din slik at den ikkje vert forveksla med nokon andre sin. Bruk for eksempel eit band, klistermerker eller liknande. Dersom du er usikker på kva dunk som tilhøyrer deg kan du sjå eigedomsinformasjon på etiketten. Denne finn du på sida av dunken.
Erfaringane til andre avfallsselskap med same ordning tilseier at det ikkje er eit vanleg problem at folk misbrukar andre sine dunkar.
-
Vi gir fremdeles rabatt ved heimekompostering. Dersom du allereie har avtale om heimekompostering med SUM, treng du ikkje gjere noko. Rabattordninga held fram som før.
-
Burettslag betalar fastpris for renovasjon i 2025, uavhengig av kor mange gongar restavfallsdunken vert tømt. Dette gjeld òg sameige med felles ordning. Sameige med eigne dunkar har fleksibelt gebyr tilsvarande som øvrige abonnentar.
-
Vi ser oss nøyde til å innføre betaling på gjenvinningsstasjonane for at rettferdig gebyrmodell skal fungere. Den nye betalingsmodellen sikrar at dei som brukar gjenvinningsstasjonane mest, bidreg mest til kostnadane knytt til handtering av avfallet. Betaling vert innført frå 1.januar 2025.
-
Bil eller mindre køyretøy: 150 kroner
Varebil: 350 kroner
Bil med hengar: 350 kroner
Varebil med hengar: 400 kroner
Traktor: 2250 kroner per tonn /575 kroner pr kubikk på ytre gjenvinningsstasjonar.
Varebil: Vi tar utgangspunkt i kva bilen er registrert som hos Statens Vegvesen. Du kan sjekke køyretøyopplysningane i vognkortet eller på Statens Vegvesen si eiga heimeside. Sjå køyretøyopplysningar her.
Du kan betale med vipps, kort eller kontant på alle gjenvinningsstasjonane våre.
På gjenvinningsstasjonane kan du levere metall, hageavfall, EE-avfall, farleg avfall, papp/papir, plastemballasje, og glas-og metall utan ekstra kostnad. Dette er inkludert i grunngebyret. Det vil seie at dersom du kjem med i eit køyretøy med berre éin eller fleire av desse avfallstypane, skal du ikkje betale.
NB: Matavfall må du levere som vanleg med dunk på renovasjonsruta.