Skal du flytte til ein SUM-kommune og lurer på korleis du skal få tak i bossdunk? Ta kontakt med kommunen du bur i så hjelper dei deg. Det er også kommunen du skal snakke med dersom du ønskjer å endre dunkstørrelse.
Farleg avfall - henterunde
I ettermiddag begynner den årlege henterunda. Du skal ha mottatt informasjon ein av dei siste dagane. Der står det litt generell informasjon og ruta bilen køyrer. Du kan og laste ned info-skrivet her.
Skuleklasse på besøk i Flekke
Flekke skule er på besøk hos Ove på gjenvinningsstasjonen.
Skal de ha arrangement i forbindelse med konfirmasjonar eller 17.mai?
Dersom de ikkje har plass i dunken de nyttar til vanleg er den enklaste løysinga å bestille SUM-sekk.
Dei kostar kr 100,- pr stykk, og det er inklusiv mva og frakt.
Desse kan de sette saman med dunken tømmedagen og renovatøren tek den med på den ordinære tømmerunda.
Kjekt når folk er så flinke å parkere.
Då vert det plass til mange bilar :-)
Sum på Facebook
Sunnfjord Miljøverk IKS har no fått seg Facebook side.
Dersom du trykker «liker» vil du bli varsla når vi legg ut ny informasjon som kan vere nyttig for deg.
For å komme direkte til sida vår trykk her: facebook.com/sunnfjord.miljoverk