Hopp til hovedinnholdet →

Kasserte fritidsbåtar

Sunnfjord Miljøverk tek i mot kasserte fridtidsbåtar utan motor på inntil 15 fot vederlagsfritt på hovudanlegget, Einestølen i Førde, ikkje på dei andre gjenvinningsstasjonane.

Dersom du ønskjer å motta refusjon (vrakpant) for båten må du fylle ut og ta med dette skjemaet.

Meir informasjon om ordninga finn du her: Miljødirektoratet

Følgjande må vere oppfylt for at båten skal kunne leverast vederlagsfritt og ha rett til refusjon (vrakpant)

  • Båten må vere 15 fot eller mindre

  • Båten kan ikkje vere i aluminium

  • Motor og anna metall (kjøl, ballast e.l) må vere fjerna før levering

Fritidsbåt - slik gjer du.jpg

Renovasjon i SUM-kommunane

Renovasjon i SUM-kommunane

Etter konkursen i RenoNorden AS lyste SUM ut ein konkurranse på innsamling og transport av avfall. Etter vurdering av innkomne tilbod har Sunnfjord Miljøverk IKS onsdag 27.9.2017 inngått avtale med NordRen AS om innsamling og transport av avfall i SUM-kommunane Askvoll, Fjaler, Gaular, Hyllestad, Førde, Jølster og Naustdal. Avtalen varer fram til 31.3.2019. Alle ruter blir køyrd som før. NordRen AS overtar materiell, lokalar og personell som vart nytta av RenoNorden. Det blir same ruter og tømmefrekvens som tidlegare. Avtalen startar 29.9.2017 og alle ruter blir då køyrd som før, av same personell, med dei same bilane. SUM håpar og trur at overgangen til ny leverandør går saumlaust og utan merknad for våre abonnentar.

Vår renovatør RenoNorden er konkurs

Renovasjonsrutene vil gå som vanleg fram til 28.september. Til den tid håpar vi at ny avtale er på plass. Eit utdrag frå bustyrar under:

Boet vil søke å tilrettelegge for at virksomheten i det norske datterselskapet RenoNorden AS kan fortsettes i en overgangsperiode til og med den 28. september 2017, mens det arbeides for enoverdragelse av kundekonktrakter og kjøretøyer mv. De enkelte kundene vil kontaktes direkte av boet vedrørende de nærmere vilkår for fortsatt drift i en slik overgangsperiode.