Sunnfjord Miljøverk tek i mot kasserte fridtidsbåtar utan motor på inntil 15 fot vederlagsfritt på hovudanlegget, Einestølen i Førde, ikkje på dei andre gjenvinningsstasjonane.
Dersom du ønskjer å motta refusjon (vrakpant) for båten må du fylle ut og ta med dette skjemaet.
Meir informasjon om ordninga finn du her: Miljødirektoratet
Følgjande må vere oppfylt for at båten skal kunne leverast vederlagsfritt og ha rett til refusjon (vrakpant)
Båten må vere 15 fot eller mindre
Båten kan ikkje vere i aluminium
Motor og anna metall (kjøl, ballast e.l) må vere fjerna før levering