Kvar vår har SUM ein skuleklasse på besøk for å hjelpe oss med rydding i nærområdet vårt. I år var det 8.klasse ved Naustdal Barne og Ungdomsskule som var her - tusen takk for hjelpa! Dei har plukka flygeavfall m.m langs vegar og i skråningar både innanfor og utanfor gjerdet. Vi takkar for hjelpa med å bidra med nokre kroner til den planlagde klasseturen deira.
Strandrydding
Strandrydding – vinn fine premiar
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og SUM oppmodar alle skular, barnehagar, lag og organisasjonar til å arrangere strandrydding og bli med i Kystlotteriet i veke 18. Den nasjonale strandryddedagen er i år laurdag 5. mai.
Men de kan sjølvsagt rydde andre veker også. Særleg ved kysten er det fint å rydde før fuglane startar hekkinga.
Naturvernforbundet deler ut både lokale, regionale og nasjonale premiar, opplevingar til alle (både lag og enkeltpersonar) og pengepremiar til grupper, til dømes klassar som samlar pengar til klassetur.
Sjå heimesida til Sunnfjord Miljøverk (SUM) for informasjon kor hen de kan hente sekkar og lodd, og kor de kan levere avfallet etterpå:
http://www.sum.sf.no/strandrydding/
Naturvernforbundet skal ha trekkingar med jamne mellomrom gjennom heile året, både i kvart miljøverkområde og samla for fylket. Til slutt går alle lodda til den nasjonale trekkinga før jul, med mange store premiar.
Endringar i opningstidene på gjenvinningsstasjonane i påska
Kurs farleg avfall og farleg byggavfall.
Dei tilsette på Sunnfjord Miljøverk har hatt eit to dagar kurs om farleg avfall og farleg byggavfall. Forelesar er Bård Olsen frå Renor. Renor er eit behandlingsanlegg for farleg avfall og kjenner godt til dei utfordringane vi møter i kvardagen. Fokus til kurset var identifisere farleg avfall, sortering og lagring/pakking.
Styret i Sunnfjord Miljøverk på tur til Lindum
Sunnfjord Miljøverk sitt styre har besøkt eit av landets fremste selskap på
avfallshandtering, Lindum i Drammen: https://lindum.no/
Lindum har gjennom fleire tiår prøvd ut og perfeksjonert forskjellige
former for handsaming av slam og bistår Sunnfjord Miljøverk IKS i det
pågåande arbeidet med å få til ein komposteringsprossess som gir posistive
resultat med tankje på så vel produkt som reduksjon av luktutslepp for
omland.
Den Magiske Fabrikken utenfor Tønsberg gjenvinner matavfall og husdyrgjødsel
til klimavennlig biogass og verdifull biogjødsel til produksjon av ny mat.
Lindum drifter dette anlegget der styret fekk ein omvisning:
<http://www.vesar.no/den-magiske-fabrikken>
http://www.vesar.no/den-magiske-fabrikken
Frå venstre: Stig Moltumyr (Fjaler), Gunnar Osland (Askvoll), Jan Taule
(leiar for representantskapet) , Styreleiar Oddmund Klakegg (Jølster), Grim
Erik Gillestad (Gaular), Signe Eimhjellen Mehl (Førde), Marius Dalin (Føre),
Anne-Britt Øyra (Naustdal) og Henning Tjørhom (dagleg leiar, SUM).
Stor auke i strandrydding.
Firda skriv den 29.desember 2017 at det har vore ein auke på 800% når det gjeld strandrydding i Sogn og Fjordane. (les artikkelen her. ) Dette er svært gledeleg og vi vil halde fram i 2018 med å ta i mot avfall frå slike aksjonar. Vi vil og fortsette samarbeidet med Naturvern Forbundet og Kystlotteriet slik at dei som deltar på ryddeaksjonar får mogelegheit til å vinne premiar.
Planlegg de ein aksjon? Sjå her korleis de skal registrere dykk før de startar oppryddinga
Opningstider jul og nyttår
Adventskalender
SUM har i mange år nytta mottoet «Kjøp mindre avfall.» For å vere litt meir konkrete kjem vi no i advent med 24 tips som enten er avfall- eller energireduserande. Vi meiner sjølvsagt at ein skal kose seg i jula, men dersom ein av og til reflekterer litt før ein handlar (bokstavleg tala) så kan utfallet verte at miljøet også får seg ein pust i bakken. Følg med på Facebook for eit tips kvar dag: https://www.facebook.com/sunnfjord.miljoverk/