Gjenvinningsstasjonar
Er du abonnent i ein av SUM-kommunane står du fritt til å bruke den gjenvinningsstasjonen som passar best sjølv om den ligg i nabo-kommunen.
Vi er pliktig å kontrollere avfallet som de leverer, ver vennleg å lever i gjennomsiktige sekkar.
Betalande abonnent kan levere treverk etter sitt eige ombyggingsarbeid (= sjølvgjort) utan ekstra betaling. Det same vil gjelde for til dømes kloparafinvindauge og cca-impregnert treverk; Ingen ekstra betaling når abonnenten ved levering kan godtgjere et avfallet kjem frå bustad i SUM-kommune der abonnenten betalar renovasjonsgebyr.
Asbesthaldig avfall kan ein berre levere på hovudanlegget på Einestølen. Ta kontakt for transportløysing dersom du ikkje kan transportere sjølv.
Finn gjenvinningsstasjon i din kommune:
Askvoll Kommune Fjaler Kommune Sunnfjord Kommune Hyllestad Kommune