Du vil ikkje få varsling om tømming av avfallet ditt før eit stykke ut i 2024.
– Dessverre er appen ute av drift og kjem ikkje til å fungere igjen. Vi ber derfor om at kundane våre slettar den frå mobilane sine, seier Bodil Øvretveit, som er konstituert dagleg leiar i Sunnfjord Miljøverk.
Det var to flinke ungdommar som laga appen i si tid. No har dei andre ting å drive med, og vi får derfor ikkje vidareutvikla appen.
– Vi veit at den har vore nyttig for mange for å hugse å sette fram dunken i ein travel kvardag. Appen fungerte godt lenge, men slutta å virke då vi innførte sortering for matavfall i januar i år.
Betring i sikte
Den gode nyheita er at vi jobbar med både ny nettside og ein varslingsfunksjon for tømming av avfall.
– No i haust fekk vi endeleg ein kommunikasjonsrådgjevar hos oss. Ho jobbar med å få på plass akkurat dette. Vi skulle helst hatt alt klart for lenge sidan, men har venta på å få inn nokon i kommunikasjonsrolla for å drive prosjektet. Sidan vi er ein offentleg aktør tek det også tid med slike prosessar. Vi ber derfor folk om å smøre seg med tålmod, seie Øvretveit.
Last ned renovasjonskalendar
Mens vi ventar på ny funksjonell varslingsløysing, kan de legge inn påminnelse i kalendaren din på telefonen. Då vil tømminga legge seg inn i kalendaren din og varsle deg klokka 19. 00 dagen før tømming.
– Dette er ikkje ei optimal løysing, men det fungerer medan vi ventar på noko betre, seier Øvretveit.