Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Bli med på nasjonal ryddedugnad 8. – 17. september.
Strandryddeuka er eit årleg arrangement i regi av Hold Norge Rent. Tanken er å ta i litt ekstra for å halde naturen vår fri for søppel. Vi heiar på initiativet, og stiller sjølvsagt med gratis sekkar å plukke i.
Slik gjer du:
Hent sekkar på ein av miljøstasjonane våre eller på kontoret vårt i Elvetorget (3.etg), eller bruk ein gjennomsiktig plastsekk du har liggande heime.
Rydd langs elv, fjord, strand, på tursti eller i bybilde
Lever inn avfallet på ein av miljøstasjonane våre, eller i containeren som vi sett opp på Festplassen i Førde (fredag 15. september – søndag 17. september)
For mange har Strandryddeuka blitt ein artig tradisjon. Det er sosialt og givande på same tid, både for store og små. I 2022 bidrog heile 800 000 nordmenn til frivillig opprydding.
Meir praktisk informasjon finn du her