Miljø - Utvikling - Endring
Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) er eit interkommunalt avfallsselskap som tek hand om hushaldningsavfall for 29 000 innbyggjarar i kommunane Askvoll, Fjaler, Førde, Gaular, Hyllestad, Jølster og Naustdal.
Vi omset årleg for kring 45 millionar kroner og har 9 fast tilsette, pluss vikarar. Hovudanlegget med kontor, gjenvinningsstasjon og deponi ligg i Hesjedalen i Førde kommune. I tillegg driftar selskapet gjenvinningsstasjonar i alle kommunane og tek i mot avfall frå næringslivet.
Vår daglege leiar skal slutte etter fylte 65 år, og vi søkjer ny dagleg leiar.
Dagleg leiar er ansvarleg for drifta og utviklinga av selskapet i tråd med styrevedtaka og dei krava som styresmaktene set til avfallsbransjen.
Avfallsbransjen er inne i ei spennande teknologisk utvikling med fokus på gjenvinning og avfallsminimering. Sunnfjord Miljøverk ønskjer å vere offensiv i høve dei endringane som skjer i bransjen.
Vi søkjer etter ein framtidsretta dagleg leiar som trivst med mykje ansvar. Det gjeld både administrative oppgåver, fagleg utviklingsarbeid, dialog med eksterne samarbeidspartnarar og oppfølging av eigarkommunane.
Dagleg leiar bør ha relevant høgare utdanning, men lang erfaring kan kompensere for manglande utdanning. Leiarerfaring blir vektlagt. Du treng god munnleg og skrifteleg formuleringsevne. Vi ønskjer ein resultatorientert og allsidig dagleg leiar.
Arbeidsstad er Hesjedalen i Førde kommune, der hovudanlegget til Sunnfjord miljøverk ligg. Vi tilbyr ryddige og gode arbeidsvilkår, og løn etter avtale.
Det er ønskjeleg med arbeidsstart i løpet av 2. kvartal 2016.
Ring dagleg leiar Håkon Grepstad, mobil 90544754, eller styreleiar Henrik Lunde, mobil 95115444, dersom du har spørsmål. Alle som tek kontakt blir behandla konfidensielt.
Søknad og CV kan du sende til haakon.grepstad@sum.sf.no.
Søknadsfrist 12. februar 2016