Før du har gått heimanfrå om morgonen, har du allereie sett dei fleire gongar. Når du set på kaffien, heller mjølk i glaset, smørjer brødskiva og når du kastar søppelposen i dunken på veg til skule eller jobb.
Kasteaugeblikket; dei sekunda der du tek valet om du skal sortere - eller ikkje. Eit augeblikk vi alle har stått i, der det er lett å bli usikker på korleis ein kjeldesorterer noko. Då kan du sjå etter Sorteringsmerka - dei finst (nesten) overalt. På potetgullposen, syltetøyglaset og mjølkekartongen finn du merket som gjev deg hjelpa du treng, ofte saman med ein kort hjelpetekst, slik at det blir lett å sortere i riktig dunk.
Legg merke til merka
Plastemballasje er lilla, glasemballasje lysegrønt, metallemballasje grått og papir er blått. Kvart materiale har sin eigen farge, noko som gjer dei lette å lese og kjenne att, samstundes som det vert enkelt å sjå kva som skal kor. Dei same merka som du finn på emballasjen, finn du òg på søppeldunkar heime, på skulen og på arbeidsplassar over heile landet.
Sorteringsmerka er laga for å gjere kjeldesortering enklare for alle. Når du får same merke på det du sorterer og der du kastar, veit du alltid kor du skal sorterer kva. Når du er i tvil, kan du alltid søkje og få svaret på Sortere.no.
Lett å bli litt betre til å kjeldesortere
Sorteringsmerka gjer det enklare å sortere riktig. Finn Sorteringsmerket på emballasjen, og du har svaret i handa allereie. Besøk sortere.no om det er noko meir du lurer på. Her kan du søkje etter det du lurer på og få raskt svar på spørsmål som kor rein emballasjen skal vere, eller kva du gjer med blandingsemballasje.
Om sorteringsmerka
Sorteringsmerka er den nasjonale merkeordninga for kjeldesortering. Ei harmonisert farge- og merkeordning gjer det enkelt å kjeldesortere heime, på jobben og i offentlege rom. Sorteringsmerka blir brukte på alt frå emballasje, avfallsbehaldarar heime, på arbeidsplassar og på gjenvinningsstasjonar.
Om Sortere
Sortere hjelper folk og bedrifter med å sortere meir og gjev gode råd om korleis vi kan skape mindre avfall. Sortere vert drive av LOOP i samarbeid med aktørar over heile landet. I Sortere-databasen blir informasjon samla frå alle kommunale og private renovasjons- og avfallsselskap i landet, noko som gjer det mogleg å få rett sorteringssvar uansett kvar landet du er. Returselskap, som har ansvar for innsamling og gjenvinning, bidreg til å sikre at informasjonen på Sortere er korrekt. Sortere samarbeider med forskarar, organisasjonar, offentlege verksemder, bedrifter og andre aktørar som har same mål som dei. Saman jobbar vi best for å ta vare på ressursane våre.
Alle foto og tekst: LOOP