Hopp til hovedinnholdet →

Endringar i renovasjon- og gebyrforskrift

Renovasjonsforskrifta er endra frå 1.1.2021 og dette vil medføre endringar av gebyr. Forskrift for slam og renovasjon er omarbeida frå tidlegare år. Det som var ei felles forskrift er nå delt i ei forskrift for slam og ei for renovasjon. Det er gjort ei omskriving og opprydding i forskriftene, i tillegg til enkelte presiseringar og auka detaljgrad basert på tidlegare praksis. Det er også gjort endringar for å tilpasse forskriftene til ny selskapsavtale. Det gjelder i praksis at SUM fakturerer gebyr frå 2021 og har all kundekontakt. I begge forskriftene er det også tatt inn at SUM kan utarbeide rettleiar til forskriftene. Dette vil være til hjelp for spesielt utbygarar, men kan også nyttast i samband med kommunal saksbehandling etter plan og bygningslova og ureiningsforskrifta.

I renovasjonsforskrifta har det tidlegare vært mogleg å få redusert gebyr på sosialt grunnlag og avstandar. Dette er ikkje i samsvar med ureiningslova. Under er to utdrag frå Miljødirektoratet sin rettleier M258 – Beregning av kommunale avfallsgebyr.

Det er klare begrensninger på hvilke kriterier som kan gi gebyrreduksjon. Det er f.eks. ikke er anledning til å differensiere gebyr på sosialt grunnlag. Det er heller ikke tillatt å differensiere på bakgrunn av hvor i kommunen avfallsbesitteren bor, som vil si at besparelse på grunn av ulik kjøreavstand ikke kan gi grunnlag for lavere gebyrer.

Det er hovudsakeleg to forhold som kan tilsei differensiering av avfallsgebyr:

  • Det blir oppfordre til å differensiere avfallsgebyr for å motivere til avfallsreduksjon og gjenvinning.

  • Det er anledning til å differensiere gebyr der dette er grunna reelle kostnadsforskjeller knytt til betjening av den enkelte abonnent eller gruppe med abonnentar

 Redusert gebyr på sosialt grunnlag og på bakgrunn av avstandar er derfor tatt ut av ny forskrift.

Generell auke av gebyr

I 2021 vil gebyret auke med kr 400,- eks. mva for eit standard abonnement. All auke er lagt på restavfall. Sortert avfall har same pris som i 2020. Omkring 75 % av auka skuldast innføring av matsortering frå 2021, dei resterande 25 % har samanheng med generell prisauke og auka arbeidsmengde på gjenvinningsstasjon og mellomlager på Einestølen. Renovasjon er eit eige sjølvkostområde og dekker kostnad med renovasjonsordningane og drift av gjenvinningsstasjonane. Det vil i 2021 framleis være gratis levering av avfall på SUM sine gjenvinningsstasjonar inkludert i renovasjonsgebyret.

Det er også lagt inn lønsmidlar til ei ekstra stilling i driftsavdelinga. Vi har fokus på sortering på gjenvinningsstasjonen og med auke i besøk blir det meir arbeid. Det er spesielt i samband med tiltak for å unngå feilsortering og mellomlagring av avfall det har vært lite ressursar. Vi legger også opp til å auke ressursbruken på vedlikehald av konteinarar og generelt vedlikehald. I sum blir det difor oppretta eit ekstra årsverk.

Det blei i 2020 innført avgift på forbrenning av avfall i Sverige, noko som har gitt prisauke på behandling av restavfall med 7-8 %. Det er også signal om innføring av avgift på forbrenning i Norge, då i form av CO2-avgift. For alle kontraktar med underleverandørar er det årleg prisjustering på 2-3 %. I tillegg til auke i prisar så har inntekt på sal av sortert avfall blitt redusert dei siste åra. Dette har samanheng med at Kina i 2019 innførte importstopp på plast og papp/papir frå Europa. Det er ført til at den europeiske marknaden er metta, og det er ikkje behandlingskapasitet til alt avfallet. Det har resultert i redusert inntekt.

Differensiert avfallsgebyr

I samband med at SUM overtar ansvar for fakturering og kundekontakt har også gebyrforskrifta blitt endra. Dette er eit steg mot å tilby abonnentane differensiert gebyr. Dette er meint å stimulere til auka sortering og auka bruk av våre kjeldesorteringsløysingar. Differensiert avfallsgebyr er anbefalt i ureiningslova § 34, «Kommunen bør fastsette differensierte gebyrer, der dette vil kunne bidra til avfallsreduksjon og økt gjenvinning». Differensierte gebyr skal motivere abonnentar til avfallsreduksjon og gjenvinning.

Det betyr at renovasjonsgebyret på sikt i stor grad vil bli berekna ut får kor stor mengde restavavfall som blir kasta. Dersom ein kastar mindre restavfall får ein eit rimelegare renovasjonsgebyr. Differensiert gebyrmodell vil truleg bli utforma slik at ein kan levere kjeldesortert avfall etter ønskja mengde utan ekstra kostnad. Om ein abonnent sorterer ut alt av papir, papp, plast, glas- og metallemballasje og eventuelle kjeldesorterte avfallsfraksjonar, vil det bli lite restavfall og dermed rimelegare renovasjonsgebyr.

Der slik gebyrmodell har blitt innført har ein erfart at dunkar blir satt ut i snitt 28 gonger i året, i staden for 40 gonger før innføring av differensiert avfallsgebyr. Det har resultert i redusert ressursbruk og kostnadar ved tømming av avfallsdunkar.

 

Ein ser også at innføring av differensiert avfallsgebyr har ført til

  • Mengd restavfall har gått ned

  • Nedgang i CO2 -utslepp på grunn av redusert mengde restavfall

  • Auke av mengde avfall som går til materialgjenvinning 

  • Restavfallsdunkar blir satt ut sjeldnare

  • Auke i kjeldesortering 

  • Abonnentane opplever den fleksible gebyrmodellen som et positivt tiltak

  • Kunden opplever at det er enklare å være miljøvennleg

  • Differensiert bidrar til å oppnå måla i EUs program for sirkulær økonomi

 

Endring av gebyr

Dei største endringane i gebyrforskrifta vil gjelde dei som har fått innvilga redusert gebyr tilsvarande minimumsgebyr. Dette gjelder i hovudsak reduksjon for avstand og reduksjon for einslege (vilkår B3 og B4 i gamal forskrift) og dei fellesanlegga som har blitt registrert med minimumsgebyr.

 

Reduksjon grunna einsleg i eigen bustad

Dei som tidlegare har fått innvilga søknad om redusert renovasjonsgebyr tilsvarande minstegebyr (kr 1878,75 inkl. mva.) på grunn av at dei er einslege vil frå 2021 få faktura på ordinært abonnement (kr 4287,50 inkl. mva.) for renovasjon frå SUM. Eit ordinært abonnement består av dunkar på 140 liter for restavfall og papp/papir, og plastrull for plastavfall. Endringane er gjort for at gebyret skal vere i tråd med gjeldande nasjonalt regelverk og den nye, kommunale forskrifta. Etter Ureiningslova er det berre anledning til å redusere renovasjonsgebyra der dette bidreg til avfallsreduksjon og auka gjenvinning.

Reduksjon grunna lang trilleveg

For dei som tidlegare har fått innvilga søknad om redusert renovasjonsgebyr på grunn av at de har lang trilleveg, fell no denne reduksjonen vekk. Endringane er gjort for at gebyret skal vere i tråd med gjeldande nasjonalt regelverk og den nye, kommunale forskrifta. Etter Ureiningslova er det berre anledning til å redusere renovasjonsgebyra der dette bidreg til avfallsreduksjon og auka gjenvinning

Dunksamarbeid og felles renovasjonsløysing

Dei som tidlegare har delt dunk (140L) eller nytta felles renovasjonsløysing (avfallshus/avfallsrom) og som dermed betalte minstegebyr eller tilsvarande (kr 1878,75 inkl. mva.) vil frå 2021 få faktura på ordinært abonnement med fråtrekk for samarbeid (kr 3662,50 inkl. mva.) for renovasjon frå SUM. For dei med andre dunkstørrelsar (240L) kan andre prisar gjelde.

Abonnentane kan kombinerer ulike storleikar på dunk som vist i tabellen. To abonnentar kan dele på dunkar og vil få rabatt etter same tabell. Part i burettslag og eigarseksjon i sameige kan få rabatt for deling av dunkar tilsvarande ordinært abonnement ved deltaking i fellesanlegg. Trykk her for heile renovasjon- og gebyrforskrifta og rettleiar til forskrifta.

Tabell 1. Gebyroversikt for ulike storleikar, prisar pr.bueining (alle prisar inkl. mva.)

Tabell gebyr.jpg

 

Ordinært abonnement

For dei som har hatt reduksjon dei deler medium abonnement vil det nå være ein fordel å endre abonnementet til kombiabonnement. Då blir 240 l restavfallsdunk bytta ut med 140 l restavfallsdunk. Fleire eksempel på reduksjonsmoglegheiter finner ein i rettleiaren til renovasjonsforskrifta.

Kontakt oss

Viss du meiner vi har feil opplysningar om ditt abonnement eller du vil gjere endringar kan du melde dette inn til oss. Du kan også søke om å dele dunk med ei anna bueining eller søke om reduksjon for heimekompostering. Dette kan du gjere på web-skjema.

Viss du melder inn endringar i abonnementet ditt i løpet av mars 2021, vil endring i gebyret bli gjort gjeldande frå 1. januar 2021. Endringar gjort frå og med april 2021 vil bli gjort gjeldande frå den 1. i den månaden melding om endring blir sendt til SUM.

Fritidseigedom

Fritidseigedommar leverer avfall til oppsamlingsplass fastsett av SUM. Etter søknad kan fritidseigedom få utlevert restavfallsbehaldar eller delta i ordinær renovasjonsordning som for bustadeigedommar. Det er berre eigedommar som er registrert som fritidseigedom i matrikkelen som kan få innvilga gebyr for fritidseigedom.

 

Tabell 2: Gebyroversikt renovasjon for fritidsbustad (alle prisar inkl. mva).

Tebell gebyr fritidsbustad.jpg