Vi søker deg som vil vere ein nøkkelperson i Sunnfjord Miljøverk med det overordna ansvaret for transport og logistikk. Du vil ha det operative ansvaret for dotterselskapet SumTrans og vere ein del av leiargruppa i Sunnfjord Miljøverk.
Kven er du?
Du er ein person med trygg og klar leiarstil. Du må trivast med å jobbe sjølvstendig og effektivt, og like å komme opp med gode og gjennomtenkte løysingar.
Arbeidsoppgåver
Planlegge og gjennomføre transport- og logistikkoppdrag
Kartlegge og optimalisere Sunnfjord Miljøverk og SumTrans sine logistikktenestar
Samarbeide tett med kollegaer/avdelingar og eksterne partar/leverandørar
Personalansvar i eiga avdeling
Følge opp kvalitets- og prosessavvik innan eige ansvarsområde
Sikre at vi imøtekjem lokale og nasjonale retningslinjer og renovasjonsforskrift/rettleiar
Delta aktivt i innkjøpsprosessar
Delta aktivt i relevante nettverk
Kvalifikasjonar
Gode leiareigenskapar med evne til å engasjere, motivere og rettleie
Relevant utdanning og/eller erfaring innan logistikk- og økonomifag
Der er ein fordel med erfaring frå transport- og logistikkbransjen
Du tek eigarskap til oppgåver og evner til å sjå moglegheiter
Gode kommunikasjonsevner
Gode it-kunnskapar
Vi tilbyr
Trygg jobb i ein bransje i utvikling, og ein arbeidsplass i vekst
Konkurransedyktige vilkår og KLP-pensjon
Kompetanseheving: deltaking på kurs og konferansar, nettverksbygging og moglegheit til å hospitere hos andre renovasjonsselskap
Sunnfjord Miljøverk (SUM) har eit givande samfunnsoppdrag. Saman med dotterselskapet SumTrans, skal vi sikre gode avfallsløysingar i Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Sunnfjord kommune. Akkurat no er det 18 sjåførar som held hjula i gong på SumTrans, og 23 tilsette som jobbar innan drift, renovasjon, økonomi, HR og kommunikasjon hos SUM.
Hovudanlegget ligg på Einestølen (mellom Førde og Naustdal). I tillegg har vi fem ytre gjenvinningsstasjonar. Både SUM og SumTrans har kontorlokaler i Førde sentrum. Samspelet mellom selskapa er viktig. Saman skal vi samle inn avfallet i kommunane, og sørge for at det vert sortert og handtert riktig slik at mest mogleg blir gjenvunne og får ny verdi.
Slagordet «avfall på rett veg» underbygger dette. Vi hentar avfall i alle krinkar og krokar, og sørger for at det hamnar på riktig stad til slutt. Målet er å redusere den totale avfallsmengden for å nå EU sine klimamål. Vi får stadig nye krav og retningslinjer som vi må forhalde oss til. Det betyr at vi heile tida må tenke nytt og finne smarte og gode løysingar for å imøtekomme desse krava. Derfor kan vi trygt seie at vi har ein interessant og utviklande arbeidskvardag.
Om du har spørsmål eller vil høyre meir om stillinga, må du gjerne ta kontakt med Tore Dvergsdal på e-post eller tlf: 951 98 501.
Hugs å søke innan 15. april.