Foto: Sandie Clarke Kilde: Unsplash
Kurset for deg som er nysgjerrig på kompostering og vil lære korleis du kan gjere matrestar om til verdifull jord.
Marit Bendz er kurshaldar og vil gi ei praktisk innføring i ulike komposteringsmetodar. Ho har lang erfaring med temaet og vil dele kunnskap om korleis du enkelt kan kome i gang – enten du har ein stor hage eller bur i leilegheit.
Praktisk informasjon
Dato: Tysdag 9. april
Tid: 19.00 – 20.30
Stad: Utstillingshallen i Førdehuset
Pris: Gratis, men påmelding er nødvendig
Det må vere minimum 8 påmeldte for at kurset skal bli gjennomført.
Dette lærer du på kurset
Kva du kan og ikkje kan kompostere
Forskjellige metodar for heimekompostering, inkludert varmkompost og bokashi
Korleis du unngår lukt og skadedyr
Kva slags utstyr som trengst for å starte opp
Kvifor kompostering er bra for miljøet og lommeboka
Det blir høve til å stille spørsmål undervegs, og du kan gjerne ta med eigne erfaringar eller utfordringar.
Kurset gir deg kunnskapen du treng for å redusere avfall, spare pengar og skape betre jord til eigen hage eller planter.
Fritaksordning for matavfall
Dersom du komposterer ditt eige matavfall, kan du få prisreduksjon i gebyret ditt til SUM. I tillegg kan du få tilskot for innkjøp av kompostbinge.
Marit Bendz
Marit er journalist og forfattar, blant anna av boka “Glade dyr og levande jord”. Ho er lidenskapleg opptatt av hage, økologi, kompostering og sjølvberging. Ho er også ei av drivkreftene bak Vie andelslandbruk i Sunnfjord.