Tore Dvergsdal startar året med ny jobb hos Sunnfjord Miljøverk.
— No har eg vore innom helse, bank og media, og eg er sikker på at eg klarar å lære meg ein bransje til før eg gir meg. Det sa Dvergsdal, då han presenterte seg sjølv for dei tilsette i Sunnfjord Miljøverk i dag.
Vidare sa han at han vil sette av god tid i starten på å bli kjend med kvar enkelt tilsett, og ikkje minst med den spennande bransjen han no skal inn i.
— Eg er ein utolmodig person som er glad i framdrift. Sunnfjord Miljøverk har stort potensiale, og eg ser fram til å sjå strategisk framover saman med både styret og dei tilsette som jobbar her.
Fornøgd styreleiar
— Vi er glade for å få Tore med på laget. Han er kjend for å vere omstillingsdyktig, samfunnsengasjert og sterkt motivert for nye utfordringar, seier Grim Erik Gillestad, som er styreleiar i selskapet.
Dvergsdal har vore administrerande direktør i Firda, klinikkdirektør i Helse Førde og konserndirektør i Sparebanken Vest.
— Hans tilnærming til leiing og solide leiarerfaring blir sett på som verdifulle og sentrale eigenskapar i arbeidet med å vidareutvikle organisasjonen. No blir det viktig å jobbe målretta i tråd med strategien, sikre ein god organisasjon og drive kostnadseffektivt, seier Gillestad.
Han legg til at styret ser fram til å arbeide tett saman med Dvergsdal for å realisere dei ambisiøse måla for selskapet.
Dvergsdal tek over stillinga etter Henning Tjørhom, som gjekk av i juni i fjor. Bodil Øvretveit har fungert som dagleg leiar i mellomtida.
Dvergsdal startar i stillinga 1. februar.