Stillingsstorleik; Mellom 100 og 60% aktuelt for rett person
Arbeidsoppgåver / om stillinga:
- Sveise/metallarbeid maskiner-containarar, malingsflikking
- Generelt vedlikehald, inkludert rydding
- Rettleiing på gjenvinningsstasjon, publikumskontakt
- Førefallande arbeid, inkludert å hjelpe til på SUMs gjenvinningsstasjonar utanfor Einestølen
Arbeidsstaden er normalt Einestølen
I SUM må alle rekne med å gå inn i andre sine arbeidsoppgåver.
Kunnskap er viktig – tilsette får internopplæring og kurs lokalt og rundt om i Norge.
Viktige føresetnader:
- Dokumentert kompetanse og erfaring på «varmt arbeid»
- Forstå at avfall kan vere farleg, skal handterast som risikoprodukt
- God norsk tale for å kunne rettleie.
- God til å rettleie og svare på spørsmål, høfleg og bestemt framferd
- Påliteleg og stabil
- Evne og vilje til å setje seg inn i, forstå og etterleve reglane i avfallsbransjen og arbeidslivet
Truck/maskinførarbevis er ikkje krav, likevel + til dei med slik fagkunnskap
Prøvetid 6 mnd. Løn etter avtale
Send kortfatta søknad, beskriv erfaring og opplæring, CV. Oppgi ønskje om stillingsstorleik.
Oppgi referansar og når du kan starte i jobben.
SUM er offentleg bedrift, søkjarlista er normalt offentleg. Om «unntatt offentlegheit» vert ønskt; Oppgi grunn i søknaden. Vitnemål og attestar skal ikkje vedleggast søknad, dette kjem vi tilbake til for dei som er aktuelle.
Kontaktperson 6.og 9. og 13. mai 2016; dagleg leiar Håkon Grepstad, tlf. 90544754
Søknadsfrist: 18. mai 2016
Det er ønskjeleg at søknaden vert sendt elektronisk til e-post haakon.grepstad@sum.sf.no
Sunnfjord Miljøverk IKS
Dagleg leiar Grepstad
Einestølen
6815 Førde