Tirsdag 22. november får SumTrans besøk av statsminiser Jonas Gahr Støre! Stasministeren skal møte tilsette som har kome i arbeid gjennom eit prosjektsamarbeid med NAV og Helse-Vest. Dette er dei tilsette som leverer ut matavfallsdunkar og samstundes merkar gamle dunkar med etikett og RFID-brikke.
Her er program for dagens besøk SumTrans:
13:00 Velkomst utanfor lokala, kort introduksjon av SumTrans og vi går inn i lageret.
13:05 Helse på tilsette og få ein demonstrasjon av prosjektet med merking av dunkar
13:15 Samtale med dei som har kome inn i SumTrans gjennom prosjektet og eventuelt andre tilsette
13:30 Kort køyretur med tilsette til nokre dunkar i gata ved sida av for å syne arbeidet dei gjer – moglegheit for samtale undervegs.
Arbeidsleiar for prosjektet og statsministeren går på lastebil og kjem køyrande attende til plassen ståande på lastebil.
13:40 Intervju med media etc.