Hopp til hovedinnholdet →

betalingsmodell

Ny betalingsmodell frå 2025

Foto: Oda Hveem, Loop

Frå 1. januar 2025 innfører vi ny gebyrmodell for hushaldningskundar. Den nye betalingsmodellen, kalla rettferdig betalingsmodell, er basert på prinsippet om at du skal betale etter kor mykje du kastar.

Renovasjonsgebyret vil bestå av to delar: eit fast grunngebyr og ein variabel del.

Slik blir modellen for deg med eigen restavfallsdunk  

  • Grunngebyr: 3500 kroner.    
    Dette er ein årleg kostnad som vil vere lik for alle bueiningar med eigen dunk. Grunnbeløpet dekkjer henting, handsaming og vidare transport av matavfall, papp/papir, plastemballasje, glas- og metallemballasje og administrasjonskostnadar knytt til renovasjon.   

  • Tømmegebyr for restavfall: 100 kroner (140 liters dunk)/ 175 kroner  (240 liters dunk).  
    Det vil seie at du får eit tilleggsgebyr på 100 kroner (140 liters dunk) for kvar gong du sett fram restavfallsdunken din.   

Slik blir modellen for deg som bur i sameige/burettslag

  • Fastpris: 4900 kroner  
    Dette er ein årleg kostnad som vil vere lik for alle bueiningar. Grunngebyret dekkjer henting, handsaming og vidare transport av matavfall, restavfall, papp/papir, plast-, glas- og metallemballasje, samt administrasjonskostnadar knytt til renovasjon.   

Slik blir modellen for deg som har lukeopning (nedgravd anlegg)  

  • Grunngebyr: 3500 kroner.   

  • Tømmegebyr for restavfall: 20 kroner for kvar gong du opnar restavfallsluka. 

  • Servicegebyr: I tillegg kjem det ei årleg avgift på 200 kroner for å dekke vask og service på anlegget. Denne avgifta vil bli fordelt på termingebyra. 

 

Betaling på gjenvinningsstasjonane  

For at den rettferdige betalingsmodellen skal fungere, må vi innføre betaling på gjenvinningsstasjonane slik at alle betaler for det avfallet dei leverer, uansett om det er via dunken heime eller på ein hengar på gjenvinningsstasjon. På denne måten blir kostnadane rettferdig fordelt.  

Prisar:  

  • Bil, mindre køyretøy eller gåande: 150 kroner   

  • Varebil: 350 kroner  

  • Bil med hengar: 350 kroner  

  • Varebil med hengar: 400 kroner  

  • Traktor: 800 kroner

Varebil: Vi tar utgangspunkt i kva bilen er registrert som hos Statens Vegvesen. Du kan sjekke køyretøyopplysningane i vognkortet eller på Statens Vegvesen si eiga heimeside. Sjå køyretøyopplysningar her.

Metall, hageavfall, EE-avfall (elektrisk avfall), farleg avfall, papp/papir, plastemballasje og glas- og metall utan ekstra kostnad. Dette er inkludert i grunnbeløpet ditt. Det vil seie at dersom du kjem med i eit køyretøy med berre éin eller fleire av desse avfallstypane, skal du ikkje betale.  Har du derimot med deg avfall (uansett størrelse eller vekt) som ikkje er på lista over, må du betale utifrå kva køyretøy du kjem i.

Du kan betale med vipps, kort eller kontant på alle gjenvinningsstasjonane.


No kan du påverke gebyret ditt sjølv

Frå 1. januar 2025 innfører vi ein ny og meir rettferdig betalingsmodell for avfallshandtering. Framover skal du betale ut i frå kor mykje du kastar.

– Modellen er utvikla for å gje ei meir rettferdig løysing der kvar kunde betaler for sitt eige forbruk. Vi meiner dette er ei moderne og ansvarleg tilnærming som gir folk insentiv til å sortere betre og minske avfallsmengda, seier Tore Dvergsdal, som er dagleg leiar i Sunnfjord Miljøverk.

«Rettferdig betalingsmodell», som er basert på «pay as you throw»- prinsippet, går ut på at kundane betalar ei fast grunnavgift, og ein eigen pris kvar gong restavfallsdunken blir tømt. Dette betyr at dei som produserer mindre restavfall, vil få redusert kostnadene sine, medan grunnavgifta vil dekke henting og handsaming av matavfall, plast, papp og papir.

– Alle husstandar vil få eit eige skriv via Altinn i løpet av kort tid. Der informerer vi om prisar og alle endringane som vil komme med den nye modellen. Kundesenteret vårt er sjølvsagt tilgjengelege for spørsmål, seier Dvergdal.

Betaling på gjenbruksstasjonen

Ein viktig del av modellen er at private hushaldningar må betale for levering på gjenvinningsstasjonane. Du kan levere metall, hageavfall, EE-avfall, farleg avfall, papp/papir, plastemballasje og glas- og metall utan ekstra kostnad. Det vil seie at dersom du kjem i eit køyretøy med berre éin eller fleire av desse avfallstypane, skal du ikkje betale.

– Vi forstår at dette kan opplevast som ei endring for mange, men dette er heilt nødvendig for at modellen skal fungere. Folk betalar for gjenvinningsstasjonane i dag også, men det er ikkje like synleg fordi det er pakka inn i den årlege avgifta. Vi meiner at det er meir rettferdig at dei kundane som brukar gjenvinningsstasjonane mest, faktisk er dei som betalar for det, legg Dvergsdal til.

Les også: dette skjer med avfallet du leverer

Må dekke inn underskot

Dei nye tiltaka kjem som eit svar på både miljømål og økonomiske utfordringar. SUM har eit underskot på 10 millionar kroner som må dekkast dei neste tre åra, og utan tiltaka ville auka renovasjonsgebyr vere den einaste løysinga.

Sunnfjord Miljøverk er underlagt sjølvkostprinsippet. Det vil seie at bedrifta skal få inn nok pengar til å dekke kostnadane knytt til henting, handsaming og transportering av avfallet. Vi har eit eige sjølvkostfond, som skal gå i balanse over ein 5 års periode.

–  Per i dag er vi om lag 10 millionar kroner i minus. Dei millionane må vi dekke inn igjen i løpet av dei tre neste åra. Det er fleire grunnar til at vi no er i underskot. Det har vore ei 38 % prisauke dei siste åra, vi får stadig fleire og strengare krav frå EU og staten for utsortering og materialgjenvinning. I tillegg har det blitt innført ei statleg CO2-avgift på forbrenning av avfall.

Skyhøg kostnad på brenning

Restavfallet som vi samlar inn blir sendt til Rådalen i Bergen til forbrenning. CO2-avgifta knytt til forbrenning kostar oss rundt 2,3 millionar i året – berre i avgift. Så det er heilt klart at kostnaden blir vesentleg lågare dersom vi klarar å få meir ut av restavfallet, som igjen vil vise igjen på gebyra, forklarar Dvergsdal.

Ein modell for ei berekraftig framtid

Målet med den nye betalingsmodellen er å gi hushaldningar større ansvar for avfallet dei produserer, samtidig som det skal vere mogleg å halde renovasjonskostnadene nede for dei som kjeldesorterer godt.

–  Vi ser at modellen kan slå hardt ut mot enkelte grupper, til dømes småbarnsfamiliar med bleiebarn. Likevel om modellen kan vere urettferdig mot enkelte grupper, kan vi ikkje frita eller setje ned avfallsgebyret ut ifrå sosiale omsyn.

Dvergsdal viser til  jf. Miljødirektoratet sin «veileder for beregning av kommunale avfallsgebyr», kapittel 4.3.5.

Positivt for framtida

Sunnfjord Miljøverk vil følgje opp innføringa av modellen tett og legge til rette for dialog med kundane, slik at overgangen blir så smidig som mogleg.

– Vi ser på dette som ein viktig milepæl for både berekraft og økonomisk ansvar. Ved å gi hushaldningane meir kontroll over eigne kostnader og oppmuntre til betre avfallshandtering, meiner vi at modellen vil kome både kundane og miljøet til gode på sikt, avsluttar Dvergsdal.

Usikker på korleis du skal sortere riktig? sortere.no har svaret!