Hopp til hovedinnholdet →

Gratis kurs i heimekompostering

Skitne hender som jobber med jord og planter.

Foto: Sandie Clarke Kilde: Unsplash

Kurset for deg som er nysgjerrig på kompostering og vil lære korleis du kan gjere matrestar om til verdifull jord.


Marit Bendz er kurshaldar og vil gi ei praktisk innføring i ulike komposteringsmetodar. Ho har lang erfaring med temaet og vil dele kunnskap om korleis du enkelt kan kome i gang – enten du har ein stor hage eller bur i leilegheit.

Praktisk informasjon

Dato: Tysdag 9. april
Tid: 19.00 – 20.30
Stad: Utstillingshallen i Førdehuset
Pris: Gratis, men påmelding er nødvendig

Det må vere minimum 8 påmeldte for at kurset skal bli gjennomført.


Dette lærer du på kurset

  • Kva du kan og ikkje kan kompostere

  • Forskjellige metodar for heimekompostering, inkludert varmkompost og bokashi

  • Korleis du unngår lukt og skadedyr

  • Kva slags utstyr som trengst for å starte opp

  • Kvifor kompostering er bra for miljøet og lommeboka


Det blir høve til å stille spørsmål undervegs, og du kan gjerne ta med eigne erfaringar eller utfordringar.

Kurset gir deg kunnskapen du treng for å redusere avfall, spare pengar og skape betre jord til eigen hage eller planter.


Fritaksordning for matavfall

Dersom du komposterer ditt eige matavfall, kan du få prisreduksjon i gebyret ditt til SUM. I tillegg kan du få tilskot for innkjøp av kompostbinge.


Marit Bendz

Marit er journalist og forfattar, blant anna av boka “Glade dyr og levande jord”. Ho er lidenskapleg opptatt av hage, økologi, kompostering og sjølvberging. Ho er også ei av drivkreftene bak Vie andelslandbruk i Sunnfjord.

Faktura på veg

Faktura frå Sunnfjord Miljøverk er no på veg til deg. Vi har gjort nokre endringar i rutinane våre for fakturering. Frå og med 2025 vil du få faktura frå SUM fire gonger i året, i staden for to gongar som tidlegare. Dette gjer vi for at det skal bli lettare for deg å halde oversikt over kostnadane dine.

Frå 1. januar 2025 kjem det ein ny, rettferdig gebyrmodell. Ønskjer du å vite meir om den? Då kan du finne nyttig informasjon her: Ny betalingsmodell frå 2025. På den første fakturaen i år vil du bli fakturert for ein fjerdedel av grunnprisen. Tømmegebyret for restavfall i perioden 1.1.25 – 1.4.25 vil du sjå på neste faktura. For dei som har fastprisavtale, blir det fakturert ein fjerdedel av årsprisen no.

Har du eigedom i Naustdal? Då er du allereie kjend med at du har betalt pr. tømming ei godt stund. På fakturaen som du no mottar vil du bli fakturert for dei tømmingar som er gjort i perioden 1.6.24-31.12.24.

Ny betalingsmodell frå 2025

Foto: Oda Hveem, Loop

Frå 1. januar 2025 innfører vi ny gebyrmodell for hushaldningskundar. Den nye betalingsmodellen, kalla rettferdig betalingsmodell, er basert på prinsippet om at du skal betale etter kor mykje du kastar.

Renovasjonsgebyret vil bestå av to delar: eit fast grunngebyr og ein variabel del.

Slik blir modellen for deg med eigen restavfallsdunk  

  • Grunngebyr: 3500 kroner.    
    Dette er ein årleg kostnad som vil vere lik for alle bueiningar med eigen dunk. Grunnbeløpet dekkjer henting, handsaming og vidare transport av matavfall, papp/papir, plastemballasje, glas- og metallemballasje og administrasjonskostnadar knytt til renovasjon.   

  • Tømmegebyr for restavfall: 100 kroner (140 liters dunk)/ 175 kroner  (240 liters dunk).  
    Det vil seie at du får eit tilleggsgebyr på 100 kroner (140 liters dunk) for kvar gong du sett fram restavfallsdunken din.   

Slik blir modellen for deg som bur i sameige/burettslag

  • Fastpris: 4900 kroner  
    Dette er ein årleg kostnad som vil vere lik for alle bueiningar. Grunngebyret dekkjer henting, handsaming og vidare transport av matavfall, restavfall, papp/papir, plast-, glas- og metallemballasje, samt administrasjonskostnadar knytt til renovasjon.   

Slik blir modellen for deg som har lukeopning (nedgravd anlegg)  

  • Grunngebyr: 3500 kroner.   

  • Tømmegebyr for restavfall: 20 kroner for kvar gong du opnar restavfallsluka. 

  • Servicegebyr: I tillegg kjem det ei årleg avgift på 200 kroner for å dekke vask og service på anlegget. Denne avgifta vil bli fordelt på termingebyra. 

 

Betaling på gjenvinningsstasjonane  

For at den rettferdige betalingsmodellen skal fungere, må vi innføre betaling på gjenvinningsstasjonane slik at alle betaler for det avfallet dei leverer, uansett om det er via dunken heime eller på ein hengar på gjenvinningsstasjon. På denne måten blir kostnadane rettferdig fordelt.  

Prisar:  

  • Bil, mindre køyretøy eller gåande: 150 kroner   

  • Varebil: 350 kroner  

  • Bil med hengar: 350 kroner  

  • Varebil med hengar: 400 kroner  

  • Traktor: 800 kroner

Varebil: Vi tar utgangspunkt i kva bilen er registrert som hos Statens Vegvesen. Du kan sjekke køyretøyopplysningane i vognkortet eller på Statens Vegvesen si eiga heimeside. Sjå køyretøyopplysningar her.

Metall, hageavfall, EE-avfall (elektrisk avfall), farleg avfall, papp/papir, plastemballasje og glas- og metall utan ekstra kostnad. Dette er inkludert i grunnbeløpet ditt. Det vil seie at dersom du kjem med i eit køyretøy med berre éin eller fleire av desse avfallstypane, skal du ikkje betale.  Har du derimot med deg avfall (uansett størrelse eller vekt) som ikkje er på lista over, må du betale utifrå kva køyretøy du kjem i.

Du kan betale med vipps, kort eller kontant på alle gjenvinningsstasjonane.


Slik sorterer du klede og tekstilar

Foto av Eric Prouzet på Unsplash

Frå 1. januar 2025 er det nye reglar for kjeldesortering, innsamling og materialgjenvinning av tekstilar.

Målet er at mest mogleg klede og tekstilar blir brukt om igjen eller resirkulert, og ikkje endar opp som restavfall. Slik har vi lagt til rette for at tekstilane dine kan bli handtert på ein berekraftig måte:

 

Brukbare tekstilar

Har du klede eller andre tekstilar som framleis kan brukast? Lever dei til ein gjenbruksbutikk eller i eit av tekstiltårna til ein av leverandørane som driv med innsamling, til dømes Fretex, UFF og likande. Dette bidreg til at ressursane i tekstilane blir nytta om att og reduserer behovet for nye produksjonar. Vi har avtale med Fretex, og det er satt opp konteinarar på alle gjenvinningsstasjonane våre.

 

Øydelagde tekstilar

For tekstilar som ikkje kan brukast om att, som utslitne klede, sengetøy eller stoffrestar, kan du levere desse til gjenvinningsstasjonane våre. Der finn du eigne konteinarar for øydelagde tekstilar. Vi har avtale med Filex, som også er ein leverandør for innsamling av kle. Dei skal gå gjennom konteinarane for øydelagte kle, og plukke ut alt som har ein verdi vidare, for å sikre at minst mogleg går til forbrenning.

 




Kva er øydelagte tekstilar?

Klede og tekstilar som er utslitne, holete, har synlege flekkar som ikkje går vekk eller som av andre årsaker ikkje kan bli brukt om igjen, leverer du som øydelagde klede og tekstilar. Klede og tekstilar med malingsflekkar det ikkje er mogleg å fjerne, kastar du i restavfallet. Har kleda og tekstilane vore brukt til behandling av farleg avfall (til dømes kjemikaliar og smittefarleg avfall), leverer du det som farleg avfall. Øydelagde sko kastar du i restavfallet.

 

Tørt og reint

Det er viktig at klede og tekstilar er reine og tørre når du leverer dei, og at dei ligg i ein samanknytt pose – dette gjeld uansett om dei er brukbare eller øydelagde. Om eit plagg manglar ein knapp, har ein diskret flekk eller eit lite hol, betyr det ikkje nødvendigvis at det er øydelagt. Er det lett å reparere, leverer du det saman med andre brukbare klede og tekstilar. Dette gjeld også for brukbare sko.

For deg som alltid har dunken ståande framme

Etter nyttår innfører vi den nye betalingsmodellen der du betalar per tømming av restavfallsdunken din. For å markere at du ikkje vil ha restavfallsdunken din tømt, har vi laga ein «gul stafettpinne».

Du får tak i “gul stafettpinne” på same stad som du finn matavfallsposar og plastsekkar i butikk og på kommunehus.

NB: pinnen er berre nyttig for dei som har dunken ståande på fast plass (ikkje dei som trillar den fram og tilbake på tømmedag).

Slik gjer du det:

  • Vil du ikkje ha dunken tømt?
    Heng den gule stafettpinnen på dunken din før tømming. Renovasjonsbilen vil då køyre forbi utan å tømme.

  • Vil du ha dunken tømt?
    Sørg for at pinnen ikkje heng på dunken, eller heng den på innsida slik at berre tauet er synleg og ikkje sjølve pinnen. Då tømmer vi den som vanleg, tømminga blir registrert, og beløpet blir lagt til på fakturaen din.
    Hugs å eventuelt fjerne pinnen før kl. 07.00 på tømmedagen din.

Korleis heng eg opp pinnen?

  • Bruk snøret som heng i pinnen, og fest det på handtaket på dunken.

  • Sørg for at pinnen heng tydeleg slik at renovatøren ser han (ca midt på handtaket).

Kvifor bruke stafettpinnen?

Ved å bruke stafettpinnen kan du:

  • Spare pengar ved å unngå unødvendige tømmingar.

  • Bidra til å redusere avfallsmengda og betre sortering.

  • Gjere din del for miljøet.

Ein pinne med ei historie

Den gule pinnen er ikkje berre praktisk, han er også miljøvennleg! Han er laga av resirkulerte gule kassar frå Synnøve Finden og melkekartongkorkar frå Q-meieriene. Med andre ord: 100 % resirkulert plast. Den magiske produksjonen skjer hos Plasteriet i Trondheim.

Vi håpar du opplever dette som ei enkel og praktisk løysing som både gjer det lettare å styre avfallskostnadane dine og bidrar til eit meir berekraftig samfunn

Opningstider jul og nyttår 2024

Her har du oversikt over kva dagar vi held ope rundt jul og nyttår. Dei dagane som ikkje er på lista, held vi stengt.

Einestølen gjenvinningsstasjon:

Måndag 23. desember: 09:30 – 17:00

Fredag 27. desember: 07:30 – 15:00

Måndag 30: desember: 09:30 – 17:00

Torsdag 2. januar: 08:00 – 15:00

Fredag 3. januar: 07:30 – 15:00

Askvoll gjenvinningsstasjon, Olsetvikane:

Måndag 23.desember: 12:00 – 18: 00

Måndag 30. desember: 12:00 - 18:00

Jølster gjenvinningsstasjon, Skei:

Torsdag 2. januar: 12:00 – 18:00

Vi søker gjenvinningsoperatør med ansvar for farleg avfall

Har du interesse for miljøet og vil bidra til trygg handtering av farleg avfall? Vi søkjer ein fleksibel og praktisk anlagt gjenvinningsoperatør for farleg avfall.

Arbeidsopppgåver 

Som gjenvinningsoperatør for farleg avfall vil du ha ansvar for å samle inn, sortere og deklarere farleg avfall i tråd med gjeldande regelverk. Jobben vil i hovudsak vere knytt til hovudanlegget på Einestølen, men du må også kunne reise mellom våre seks gjenvinningsstasjonar. Arbeid utanom normal arbeidstid kan påreknast. Du vil òg delta i andre driftsoppgåver ved behov.

Vi ser etter deg som: 

  • Har erfaring innan logistikk og produksjon

  • Har relevant arbeidserfaring innan farleg avfall

  • Har vilje til å ta fagbrev i gjenvinningsfaget

  • Har ADR-kompetanse §1.3 og gjerne truckførarbevis eller maskinførarbevis. Dersom du manglar sertifikat, kan vi hjelpe deg med å skaffe dette

  • Har gode IT- og språkferdigheiter (norsk og engelsk)

  • Er nøyaktig, serviceinnstilt og fleksibel

Vi tilbyr

  • Ein trygg jobb i ein trygg bransje, og ein arbeidsplass som er i Ein trygg jobb i ein samfunnsviktig bransje.

  • Kompetanseheving gjennom kurs og nettverk.

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Er du interessert eller har spørsmål knytt til stillinga? Ta kontakt med Kjell Bu (tlf. 905 02 589). Han vil gjerne snakke med deg.

Søknadsfristen er 29. desember, og vi håpar å sjå nettopp ditt namn i søknadsbunken.

No kan du påverke gebyret ditt sjølv

Frå 1. januar 2025 innfører vi ein ny og meir rettferdig betalingsmodell for avfallshandtering. Framover skal du betale ut i frå kor mykje du kastar.

– Modellen er utvikla for å gje ei meir rettferdig løysing der kvar kunde betaler for sitt eige forbruk. Vi meiner dette er ei moderne og ansvarleg tilnærming som gir folk insentiv til å sortere betre og minske avfallsmengda, seier Tore Dvergsdal, som er dagleg leiar i Sunnfjord Miljøverk.

«Rettferdig betalingsmodell», som er basert på «pay as you throw»- prinsippet, går ut på at kundane betalar ei fast grunnavgift, og ein eigen pris kvar gong restavfallsdunken blir tømt. Dette betyr at dei som produserer mindre restavfall, vil få redusert kostnadene sine, medan grunnavgifta vil dekke henting og handsaming av matavfall, plast, papp og papir.

– Alle husstandar vil få eit eige skriv via Altinn i løpet av kort tid. Der informerer vi om prisar og alle endringane som vil komme med den nye modellen. Kundesenteret vårt er sjølvsagt tilgjengelege for spørsmål, seier Dvergdal.

Betaling på gjenbruksstasjonen

Ein viktig del av modellen er at private hushaldningar må betale for levering på gjenvinningsstasjonane. Du kan levere metall, hageavfall, EE-avfall, farleg avfall, papp/papir, plastemballasje og glas- og metall utan ekstra kostnad. Det vil seie at dersom du kjem i eit køyretøy med berre éin eller fleire av desse avfallstypane, skal du ikkje betale.

– Vi forstår at dette kan opplevast som ei endring for mange, men dette er heilt nødvendig for at modellen skal fungere. Folk betalar for gjenvinningsstasjonane i dag også, men det er ikkje like synleg fordi det er pakka inn i den årlege avgifta. Vi meiner at det er meir rettferdig at dei kundane som brukar gjenvinningsstasjonane mest, faktisk er dei som betalar for det, legg Dvergsdal til.

Les også: dette skjer med avfallet du leverer

Må dekke inn underskot

Dei nye tiltaka kjem som eit svar på både miljømål og økonomiske utfordringar. SUM har eit underskot på 10 millionar kroner som må dekkast dei neste tre åra, og utan tiltaka ville auka renovasjonsgebyr vere den einaste løysinga.

Sunnfjord Miljøverk er underlagt sjølvkostprinsippet. Det vil seie at bedrifta skal få inn nok pengar til å dekke kostnadane knytt til henting, handsaming og transportering av avfallet. Vi har eit eige sjølvkostfond, som skal gå i balanse over ein 5 års periode.

–  Per i dag er vi om lag 10 millionar kroner i minus. Dei millionane må vi dekke inn igjen i løpet av dei tre neste åra. Det er fleire grunnar til at vi no er i underskot. Det har vore ei 38 % prisauke dei siste åra, vi får stadig fleire og strengare krav frå EU og staten for utsortering og materialgjenvinning. I tillegg har det blitt innført ei statleg CO2-avgift på forbrenning av avfall.

Skyhøg kostnad på brenning

Restavfallet som vi samlar inn blir sendt til Rådalen i Bergen til forbrenning. CO2-avgifta knytt til forbrenning kostar oss rundt 2,3 millionar i året – berre i avgift. Så det er heilt klart at kostnaden blir vesentleg lågare dersom vi klarar å få meir ut av restavfallet, som igjen vil vise igjen på gebyra, forklarar Dvergsdal.

Ein modell for ei berekraftig framtid

Målet med den nye betalingsmodellen er å gi hushaldningar større ansvar for avfallet dei produserer, samtidig som det skal vere mogleg å halde renovasjonskostnadene nede for dei som kjeldesorterer godt.

–  Vi ser at modellen kan slå hardt ut mot enkelte grupper, til dømes småbarnsfamiliar med bleiebarn. Likevel om modellen kan vere urettferdig mot enkelte grupper, kan vi ikkje frita eller setje ned avfallsgebyret ut ifrå sosiale omsyn.

Dvergsdal viser til  jf. Miljødirektoratet sin «veileder for beregning av kommunale avfallsgebyr», kapittel 4.3.5.

Positivt for framtida

Sunnfjord Miljøverk vil følgje opp innføringa av modellen tett og legge til rette for dialog med kundane, slik at overgangen blir så smidig som mogleg.

– Vi ser på dette som ein viktig milepæl for både berekraft og økonomisk ansvar. Ved å gi hushaldningane meir kontroll over eigne kostnader og oppmuntre til betre avfallshandtering, meiner vi at modellen vil kome både kundane og miljøet til gode på sikt, avsluttar Dvergsdal.

Usikker på korleis du skal sortere riktig? sortere.no har svaret!