Etter nyttår innfører vi den nye betalingsmodellen der du betalar per tømming av restavfallsdunken din. For å markere at du ikkje vil ha restavfallsdunken din tømt, har vi laga ein «gul stafettpinne».
Du får tak i “gul stafettpinne” på same stad som du finn matavfallsposar og plastsekkar i butikk og på kommunehus.
NB: pinnen er berre nyttig for dei som har dunken ståande på fast plass (ikkje dei som trillar den fram og tilbake på tømmedag).
Slik gjer du det:
Vil du ikkje ha dunken tømt?
Heng den gule stafettpinnen på dunken din før tømming. Renovasjonsbilen vil då køyre forbi utan å tømme.Vil du ha dunken tømt?
Sørg for at pinnen ikkje heng på dunken. Då tømmer vi den som vanleg, tømminga blir registrert, og beløpet blir lagt til på fakturaen din.
Hugs å eventuelt fjerne pinnen før kl. 07.00 på tømmedagen din.
Korleis heng eg opp pinnen?
Bruk snøret som heng i pinnen, og fest det på handtaket på dunken.
Sørg for at pinnen heng tydeleg slik at renovatøren ser han (ca midt på handtaket).
Kvifor bruke stafettpinnen?
Ved å bruke stafettpinnen kan du:
Spare pengar ved å unngå unødvendige tømmingar.
Bidra til å redusere avfallsmengda og betre sortering.
Gjere din del for miljøet.
Ein pinne med ei historie
Den gule pinnen er ikkje berre praktisk, han er også miljøvennleg! Han er laga av resirkulerte gule kassar frå Synnøve Finden og melkekartongkorkar frå Q-meieriene. Med andre ord: 100 % resirkulert plast. Den magiske produksjonen skjer hos Plasteriet i Trondheim.
Vi håpar du opplever dette som ei enkel og praktisk løysing som både gjer det lettare å styre avfallskostnadane dine og bidrar til eit meir berekraftig samfunn