Frå 1. januar 2025 er det nye reglar for kjeldesortering, innsamling og materialgjenvinning av tekstilar.
Målet er at mest mogleg klede og tekstilar blir brukt om igjen eller resirkulert, og ikkje endar opp som restavfall. Slik har vi lagt til rette for at tekstilane dine kan bli handtert på ein berekraftig måte:
Brukbare tekstilar
Har du klede eller andre tekstilar som framleis kan brukast? Lever dei til ein gjenbruksbutikk eller i eit av tekstiltårna til ein av leverandørane som driv med innsamling, til dømes Fretex, UFF og likande. Dette bidreg til at ressursane i tekstilane blir nytta om att og reduserer behovet for nye produksjonar. Vi har avtale med Fretex, og det er satt opp konteinarar på alle gjenvinningsstasjonane våre.
Øydelagde tekstilar
For tekstilar som ikkje kan brukast om att, som utslitne klede, sengetøy eller stoffrestar, kan du levere desse til gjenvinningsstasjonane våre. Der finn du eigne konteinarar for øydelagde tekstilar. Vi har avtale med Filex, som også er ein leverandør for innsamling av kle. Dei skal gå gjennom konteinarane for øydelagte kle, og plukke ut alt som har ein verdi vidare, for å sikre at minst mogleg går til forbrenning.
Kva er øydelagte tekstilar?
Klede og tekstilar som er utslitne, holete, har synlege flekkar som ikkje går vekk eller som av andre årsaker ikkje kan bli brukt om igjen, leverer du som øydelagde klede og tekstilar. Klede og tekstilar med malingsflekkar det ikkje er mogleg å fjerne, kastar du i restavfallet. Har kleda og tekstilane vore brukt til behandling av farleg avfall (til dømes kjemikaliar og smittefarleg avfall), leverer du det som farleg avfall. Øydelagde sko kastar du i restavfallet.
Tørt og reint
Det er viktig at klede og tekstilar er reine og tørre når du leverer dei, og at dei ligg i ein samanknytt pose – dette gjeld uansett om dei er brukbare eller øydelagde. Om eit plagg manglar ein knapp, har ein diskret flekk eller eit lite hol, betyr det ikkje nødvendigvis at det er øydelagt. Er det lett å reparere, leverer du det saman med andre brukbare klede og tekstilar. Dette gjeld også for brukbare sko.