Hopp til hovedinnholdet →

bosstømming

Kulda skapar tømmetrøbbel

Godt tips: Harald Nyland er renovasjonsansvarleg i Sunnfjord Miljøverk. Han tipsar om å legge papp i botnen av dunken for å unngå at innhaldet frys fast.

Mange kundar slit med at avfallet frys fast i botnen av dunken i den bitande kulda. Det skapar store utfordringar ved tømming.

 

Dette er eit problem som går igjen kvart einaste år. Avfallet frys fast i botnen av dunken og abonnentane står igjen med halvtømte dunkar. I år er utfordringa endå større sidan vi også har innført sortering av matavfall, seier Harald Nyland, som er ansvarleg for renovasjon i Sunnfjord Miljøverk.

 

Etter at gradestokken sank til under frysepunktet har renovatørane gitt tilbakemeldingar på at dette er eit aukande problem. Heldigvis finst det tips som abonnentane kan prøve.

– Vi kan anbefale å legge ei avis, eggkartong, bark eller flis i botnen på dunken. Generelt er det lurt å la avfallet tørke mest mogleg før ein hiv det i avfallsposane. Om vinteren er dette ekstra viktig nettopp for å unngå at det skal fryse, påpeiker Nyland.

Manuell sortering

Han legg til at dette ikkje er ein optimal løysing og at heile renovasjonsbransjen ser etter betre løysingar på denne problemstillinga.

– Eggkartong og avispapir skal jo ikkje i matavfallet så dette medfører ekstra arbeid for operatørane våre på Einestølen. Det blir ein manuell jobb for å sortere ut det som ikkje høyrer heime. Hovudoppgåva vår er å få tømt dunkane til abonnentane og då må vi rett og slett ta oss tid til dette ekstraarbeidet, seier han.

 

HMS er førsteprioritet

Grunna helsemessige omsyn har ikkje renovatørane lov til å ta i innhaldet i dunkane. Dei kan heller ikkje sparke og slå i det, for då kan dei sprekke i kulda.

– Renovatørane våre gjer så godt dei kan. Vi ber om forståing for problemstillingane som vi presenterer her og håpar at tipsa kan hjelpe, seier Nyland.

 

Hugs fri ferdsel

Nyland påpeiker endå ein ting som er verdt å merke seg no gjennom vinteren.

– Vi ønsker å gje ei venleg påminning om at det er abonnentane sjølv som er ansvarleg for å måke snø og strø på private vegar. For at renovatørane våre skal få tømt dunken er det viktig med fri ferdsel, avsluttar han.

Slett SUM-appen

Du vil ikkje få varsling om tømming av avfallet ditt før eit stykke ut i 2024.

Dessverre er appen ute av drift og den kjem ikkje til å fungere igjen. Vi ber derfor om at kundane våre slettar den frå mobilane sine, seier Bodil Øvretveit, som er konstituert dagleg leiar i Sunnfjord Miljøverk.

 Det var to flinke ungdommar som laga appen i si tid. No har dei andre ting å drive med, og vi får derfor ikkje vidareutvikla appen.

Vi veit at den har vore nyttig for mange for å hugse å sette fram dunken i ein travel kvardag. Appen fungerte godt lenge, men slutta å virke då vi innførte sortering for matavfall i januar i år.  

Betring i sikte

Den gode nyheita er at vi jobbar med både ny nettside og ein varslingsfunksjon for tømming av avfall.

No i haust fekk vi endeleg ein kommunikasjonsrådgjevar hos oss. Ho jobbar med å få på plass akkurat dette. Vi skulle helst hatt alt klart for lenge sidan, men har venta på å få inn nokon i kommunikasjonsrolla for å drive prosjektet. Sidan vi er ein offentleg aktør tek det også tid med slike prosessar. Vi ber derfor folk om å smøre seg med tålmod, seie Øvretveit.

Last ned renovasjonskalendar

Mens vi ventar på ny funksjonell varslingsløysing, kan de legge inn påminnelse i kalendaren din på telefonen. Då vil tømminga legge seg inn i kalendaren din og varsle deg klokka 19. 00 dagen før tømming.

Dette er ikkje ei optimal løysing, men det fungerer medan vi ventar på noko betre, seier Øvretveit.

Sjå framgangsmåte for å laste ned renovasjonskalendar