Hopp til hovedinnholdet →

Aktuelt

Matsortering er no i gang!

Matsortering er no i gang!

Sortering og levering av matavfall vert snart eit tilbod til alle hushaldningskundane i SUM.

Dette vert gjort for å utnytte matavfallet på ein betre måte for miljøet. For å sikre best mogleg handtering av matavfallet, testar vi no henting i ulike bustadområde i Naustdal.

Samtidig med dette vert alle dunkar merka med ID-brikke. Dette kan du også lese meir om her:

Svar på henvendingar om matsortering

I samband med utlevering av matavfallsdunkar kjem det inn mange henvendingar som omhandlar det same. Vi har under forsøkt å svare opp dei henvendingane som oftast går igjen i samband med utlevering av dunk.

  • Kompostavtalar som er registrert hos SUM vil bli gjennomgått og dunk vert henta tilbake. At dunken vert ståande fram til innhenting vil ikkje føre til noko kostnad for abonnent.

  • Avtalar med delingsrabatt vert gjennomgått i løpet av februar. Alle med deling som skal ha fleire korger og papirposar vil bli supplert med dette.

  • Utdeling er i full gang og vil halde fram til alle har fått dunk. Innan den tid må kundar smøre seg med tolmod. Om ein framleis ikkje har fått dunk etter 1. februar, ver venleg å ta kontakt om du ikkje har motteke informasjon på SMS.

  • Vi vil supplere desse etter delingsrabattlister i løpet av januar/februar. Har de plassmangel, må dette vurderast i ettertid av utlevering. Grunna stor pågang ber vi om forståing for at synfaring først kan takast når pågangen avtar.

  • Ja, men de vil ikkje få utlevert desse endå, og vil få varsling når utlevering startar hos dykk.

Kva er kompost?


Kaldkompost (ikkje godkjent kompostløysing)

Kaldkompostering vil sei at man bruker dei naturlege mikrorganismane, meitemakk, sopp og bakteriar for å få komposteringsprosessen i gang.

For at god prosess er det viktig å tilføre rikelig med luft ved å vende og spa med jamne mellomrom.

Ein kaldkompostbinge kan ikkje brukast til matavfall.

Følgande kan brukast i ein kaldkompostbinge:

• Alt av hageavfall som gras, kvist, planterestar og greiner

• Frukt og grønt

• Kaffigrut og te-posar

• Litt aske etter vedfyring

TIPS! Ved å tilføre matjord kan man framskynde prosessen.


Varmkompostering (godkjent kompostløysning)

Å varmkompostere vil sei å omdanne mat- og hageavfall i en raskere prosess enn ved kaldkompost.

I en varmkompost kan temperaturen komme opp i over 70 grader og tar livet av skadelige organismer og ugressfrø.

For at komposten skal kunne oppnå denne temperaturen må bingen være isolert med minst fem centimeter isolerte vegger, den må også være helt tett og ha lokk.

Tjukkelsen på veggene er både for å oppnå riktig temperatur, men også for å unngå rotter, mus, fugler og andre dyr.

Følgande kan brukast i ein varmkompostbinge:

• Alt av hageavfall som gras, kvist, planterestar og greiner

• Frukt og grønt

• Kaffigrut og te-posar

• Litt aske etter vedfyring

• Kjøtt- og fiskerestar

Større beinrestar kan ikkje brukast, egg vil heller ikkje bli nedbrote men kan nyttast i komposten då det vil bli pulverisert og gje kalktilskot til jorda.


Bokashi (godkjent kompostløysning)

Ved bokashi går avfallet gjennom ein gjæringsprosess også omtalt som fermentering, det vil sei at avfallet ikkje rotnar og forårsakar derfor ikkje noko lukt. Denne måten er for dei som ynskjer ein mindre plasskrevjande måte å handtere matavfallet sitt på, samtidig vil bokashi krevje ein noko større arbeidsprosess.

I bokashiprosessen treng ein følgande:

• Bokashi-strø

• Bokashi bøtte

• Pallekarm til jordfabrikk

• Billig plantejord til jordfabrikk

• Urter, grønnsaksplanter, frø

• Vannkanne til bokashivatnet.


Ynskjer du å kompostere? trykk her

Statsministerbesøk hos SumTrans

Statsministerbesøk hos SumTrans

Inkludering i SUM og SumTrans

Tirsdag 22.11 var statsminister Jonas Gahr Støre på besøk hos SumTrans.

Besøket skuldast at SumTrans har eit prosjektsamarbeid med NAV og Helse-Førde som baserer seg på arbeidsinkludering.

Utlevering av matavfallsdunkar samt merking av abonnentar sine resterande dunkar, er noko av arbeidet desse held på med. Støre fekk ein gjennomgang av prosessen.

Ein gutedraum i oppfyllelse

Statsministeren blei oppkledd i riktig antrekk og fekk vere med ein renovasjonsbil på tømming av avfallsdunkar.

Dette var stor stas og vart av Støre omtala som ein “gutedraum i oppfyllelse”.