Kvart år samlar Hold Norge Rent over 40.000 frivillige til å rydde land og strand rundt omkring i Norge. 13. – 22. september er veka for haustens ryddeaksjon.
Avfall og plast i naturen er eit aukande problem som trugar både dyreliv og dei vakre omgjevnadane våre. Ved å delta på ryddeaksjon, kan du vere med på å redusere nettopp dette problemet.
Alle som vil kan delta. Du kan rydde litt eller du kan rydde mykje – alt hjelper.
Korleis gjer eg det?
Det er enkelt å bli med. Du kan:
1) Finne din nærmaste ryddeaksjon og bli med der: Start - Rydde (ryddenorge.no)
2) Opprette din eigen ryddeaksjon via Rydde (ryddenorge.no), og invitere med deg vennegjengen, familien eller kollegaene dine.
Ryddemateriell får du hos oss
Vi deler ut hanskar og plastsekkar på gjenvinningsstasjonane våre og på kontoret vårt på Elvetorget. Dette er sjølvsagt gratis. Alternativt kan du bruke det du har heime. Vi ber om at du brukar gjennomsiktige plastposar slik at vi har kontroll på innhaldet. NB: Ikkje bruk SUM sine sekkar til plastsortering.
Om du har behov for større mengder materiell, kan du bestille direkte frå Hold Norge Rent: Start - Rydde (ryddenorge.no)
Etter rydding:
Du kan levere fangsten på ein av gjenvinningsstasjonane våre. NB: Du må oppgje aksjonskoden når du leverer avfallet. Den ser du inne på din aksjon i Rydde når du er innlogga. (Det er berre aksjonseigarar som ser den koden).
Takk for hjelpa
Det skal vere heilt lågterskel å vere med på ein ryddeaksjon. Det er sunt for kropp og hovud, og det kan vere riktig så kjekt. Takk for at du bidreg til ein reinare natur.