Hopp til hovedinnholdet →

Bli med på Bærekraftskolen live

LOOP Miljøskole og Håvard Tjora gjentek suksessen frå i fjor og inviterer til ei fiks ferdig berekraftsveke for alle 4. klassingar.

 I veke 39 arrangerer dei nok ein gong ei nasjonal berekraftsveke, der ein saman huker av for dei tverfaglege måla om berekraft i læreplanen.

I løpet av veka blir det fleire direktesendte sendingar med Håvard Tjora framfor tavla. Han er mattelærar, eventyrar og forfattar, og deler sin kunnskap på ein enkel og pedagogisk måte som programleiar for Bærekraftskolen. Du vil også få tilgang til ein kunnskapsbank med engasjerande, morosame og varierte undervisningsressursar som treff både elevane og læreplanen.

Opplegget er tilpassa 4. trinn, men alle som vil kan delta. NB: klassen må vere påmeldt i forkant.

I fjor var det heile 30 000 elevar som deltok på Bærekraftsskolen. 98 % av lærarane vil anbefale opplegget til andre lærarar. Alt skjer digitalt og det er gratis å delta. Bli med på ei inspirerande og lærerik veke saman med LOOP Miljøskole.

Heile 30 000 elevar deltok på Bærekraftsskolen i 2023. Her ser du Håvard Tjora og Fredrikke Friis Bertheussen. Sistnemnte er prosjektleiar for LOOP Miljøskole og Bærekraftskolen. Foto: Magnus Solhaug.