Åge Johnny Kalstad har takka ja til å leie sjåførane i SumTrans på riktig veg. Med det sikra dei 30 års leiarerfaring inn i selskapet.
— Renovasjonsbransjen er ein spennande og framtidsretta bransje å gå inn i. Det vil jo aldri bli tomt for avfall, så det er ein sikker jobb å gå til. Eg ser at SUM er i stor utvikling, og det blir lærerikt å vere ein del av den omstillingsprosessen som no skjer, seier Kalstad.
SumTrans er dotterselskapet til Sunnfjord Miljøverk. Ein viktig del av den nye jobben til Kalstad er å sørge for god flyt mellom dei to selskapa. Erfaringa hans tilseier at det kjem han til å meistre med glans.
Nytt område innan logistikk
Den største delen av arbeidslivet sitt har han hatt i Posten, men dei siste fire åra har han vore dagleg leiar i Hoff og Knutson Transport AS.
— For meg er dette ein ny del av logistikkverden. Eg har mange års erfaring frå stykkgods, men renovasjonsbilar er eit heilt anna område. Det syns eg er utruleg spennande å ta fatt på, seier han.
Brennheit CV
Han skildrar seg sjølv som ein allsidig type. Det ser ein igjen på CV-en hans, der både brannmann og leiarerfaringar på fleire nivå er lista opp.
— Eg har vore leiar i snart 30 år, og likar å vere i alle ledd. Eg har ingen problem med å bli skitten på hendene eller å sitte i kontorstolen. Den allsidigheita trur eg blir viktig i jobben, seier han.
Strategiplanlegging på solsenga
Vidare presenterer han seg som ein innbarka førdianar som er god til å ta imot mykje informasjon på kort tid. No er det snart ferietid, men han avslører at ein del av ferien vil gå til strategiplanlegging for den nye arbeidsplassen.
— Eg er ein tenkar, og har allereie begynt å gruble litt over enkelte problemstillingar i bedrifta. Og så er eg svolten på å kikke litt inn i datasystema dei brukar. Det blir kjekt å komme i gong til hausten, avsluttar han.
Solid og riktig kompetanse
Øystein Hunvik er styreleiar i SumTrans. Han er svært nøgd med tilsettinga.
— Kalstad har ei fantastisk brei og relevant erfaring. Han har solid bakgrunn frå transportbransjen, og han kan HMS, HR, økonomi og har teknisk kompetanse. I tillegg er han ein erfaren leiar. Det er rett og slett ei kjempetilsetjing for oss, seier ein nøgd styreleiar.
Han er ikkje i tvil om at han er riktig person for jobben.
— Eg trur at han kjem til å utfordre oss ein del, og det har vi berre godt av. Resultatet av det er at vi kan levere enno betre tenester enn vi gjer i dag, samtidig som vi held kostandane nede. Det vil totalt sett gjere SumTrans og SUM til ein betre aktør, avsluttar han.
Kalstad startar i stillinga 1. september.