Vi kan ikkje tømme matavfallsdunken din om vi ser at den inneheld bioposar. Bioposane er seige og heng seg opp i maskinene til anlegget vi leverer matavfallet til.
Renovatørane våre sjekkar tilfeldige dunkar før dei tømmer. Det vil seie at dei opnar lokket og ser over innhaldet. Grunna HMS har dei ikkje lov til å ta ned i dunken, og dei kan derfor ikkje ta ut plast og anna avfall som er feilsortert.
Varme frå epleskrott
Matavfallet ditt blir frakta til Grødaland biogassanlegg på Jæren. Der blir det brukt i produksjon av biogass og biogjødsel. Biogass er ein fornybar energikjelde som vi kan bruke til elektrisitet, varme og drivstoff, medan biogjødsel er ein verdifull ressurs for landbruket. Med andre ord er matavfallet ditt ein viktig ressurs. Kvar epleskrott teller!
Papirposane er svært miljøvenlege
Papirposane er spesiallaga til matavfall og toler ein del fukt. Likevel er det lurt å la matrestane tørke før du kastar dei i posen. Fukt- eller fettflekkar er heilt normalt. Det betyr ikkje at posen kjem til å rivne. Dersom du er usikker, kan du eventuelt bruke ein ekstra papirpose utanpå.
Tom for matavfallsposar? Her er oversikt over kor du kan få tak i fleire.
Papirposen er eit svært miljøvenleg alternativ. Den er 100 % fornybar og utgjer ingen risiko for å spreie mikroplast til landbruket. Vi forstår at det kan oppstå litt irritasjon rundt dette, men med nokre enkle grep kan prosessen gå litt lettare.
Unngå matsvinn! Kjøp det du skal bruke, et opp og ver kreativ med restane. Då får du rett og slett mindre matavfall.
Bruk den grønne korga med luftehol. Dersom du ikkje har korg kan du hente på kontoret vårt i Elvegården eller på ein av gjenvinningsstasjonane våre.
Supper og anna avfall som er veldig vått kan du kaste i restavfallet.
Dropp blomster og potteplanter
Biogjødsel skal betre kvaliteten på jorda som blir brukt i matproduksjon. Planter og blomster kan innehalde sprøytemiddel og stoff som ikkje er eigna i denne type gjødsel for jordbruk. Derfor må du kaste blomster og jord i restavfallet, eller levere på gjenvinningsstasjonen som hageavfall.
Nysgjerrig på kor avfallet ditt hamnar? Les om det her: Dette skjer med avfallet du leverer — Sunnfjord Miljøverk IKS (sum.sf.no)