Innbyggarane våre er gode på å reingjere og sortere plastemballasje riktig. Dei fortener ei god dose skryt, seier Harald Nyland.
Han er renovasjonsansvarleg i Sunnfjord Miljøverk, og sjølvsagt veldig fornøgd med resultatet av plukkanalysen som vart gjennomført 24. april i år.
Totalt gjekk vi gjennom 388 kg innsamla plastemballasje. Resultatet av dette viste 2,6 prosent forureining. Det er godt innanfor kvalitetsmåla som er 5 prosent.
— Det er meir eller mindre rein plastemballasje som vert samla inn frå innbyggarane her, og det er veldig bra, seier Kristian Nordby, som er prosjektleiar i Plastretur.
Kor reint er reint nok?
Det er mange som lurer på kor rein emballasjen faktisk må vere før den blir kasta. Nordby påpeiker at den bør vere rein og tørr, men at ein må bruke sunn fornuft.
— Dersom det er vanskeleg å reingjere og du må bruke varmt vatn, er det betre å kaste i restavfallet, forklarer han.
Rein plastemballasje
Plastemballasjen vert samla inn saman med dunken for papp og papir. Deretter vert det frakta til Norsk Gjenvinning for vidare sortering.
— Norsk Gjenvinning fortener også skryt, for dei gjer ein veldig god jobb i mottak. Resultata viser lite forureining mellom plast og papp og papir, til tross for at dei vert samla inn samtidig. Dei gjer med andre ord eit veldig bra manuelt arbeid med å sortere ut dei forskjellege avfallstypane.
Foto: Beathe Schieldrop
Gjenvunne i Tyskland
Plastretur hentar plastemballasjen hos Norsk Gjenvinning i Førde. Deretter blir den transportert vidare til Tyskland på ein mest mogleg miljøeffektiv måte.
— Per no er det ingen anlegg for gjenvinning av returplast i Norge. Miljøgevinsten ved å kjeldesortere på denne måten er mykje større enn at plasten går til forbrenning her i landet.
Returplast og Tomra har gått saman om å bygge eit nasjonalt finsorteringsanlegg for hushaldningsplast. Det skal etter planen stå klart i midten av 2025, og då kan deler av gjenvinningsprosessen bli løyst her i landet.
Gjenvunne plast kan brukas til blant anna å lage plastposar, avfallssekkar, blomsterpotter, leikestativ eller benkar. Det kan også bli om til ny emballasje.
Framleis ein veg å gå
I 2023 samla vi inn 9,1 kg plastemballasje per innbyggar i dekningsområdet vårt. Det er litt over snittet som er 8 kg per innbyggar frå områda som har Plastretur-avtale.
Ifølge Plastretur må Norge samle inn rundt 16 kg per innbyggar for å nå kravet om 52 prosent materialgjenvinning innan 2030.
— Det betyr at alle må bli endå flinkare på å sortere ut plastemballasjen frå restavfallet sitt. Vi er gode på å levere frå oss rein plastemballasje, men vi har framleis ein veg å gå på å få sortert ut alt, seier Nyland.
Usikker på kor du skal kaste kva? Sjekk ut sortere.no. Dei har svaret!