Hopp til hovedinnholdet →

dagleg leiar

SumTrans har fått ny leiar

Åge Johnny Kalstad har takka ja til å leie sjåførane i SumTrans på riktig veg. Med det sikra dei 30 års leiarerfaring inn i selskapet.  

—    Renovasjonsbransjen er ein spennande og framtidsretta bransje å gå inn i. Det vil jo aldri bli tomt for avfall, så det er ein sikker jobb å gå til. Eg ser at SUM er i stor utvikling, og det blir lærerikt å vere ein del av den omstillingsprosessen som no skjer, seier Kalstad.  

SumTrans er dotterselskapet til Sunnfjord Miljøverk. Ein viktig del av den nye jobben til Kalstad er å sørge for god flyt mellom dei to selskapa. Erfaringa hans tilseier at det kjem han til å meistre med glans.

Nytt område innan logistikk

Den største delen av arbeidslivet sitt har han hatt i Posten, men dei siste fire åra har han vore dagleg leiar i  Hoff og Knutson Transport AS.  

—    For meg er dette ein ny del av logistikkverden. Eg har mange års erfaring frå stykkgods, men renovasjonsbilar er eit heilt anna område. Det syns eg er utruleg spennande å ta fatt på, seier han.  

Brennheit CV

Han skildrar seg sjølv som ein allsidig type. Det ser ein igjen på CV-en hans, der både brannmann og leiarerfaringar på fleire nivå er lista opp.  

—    Eg har vore leiar i snart 30 år, og likar å vere i alle ledd. Eg har ingen problem med å bli skitten på hendene eller å sitte i kontorstolen. Den allsidigheita trur eg blir viktig i jobben, seier han.

Strategiplanlegging på solsenga

Vidare presenterer han seg som ein innbarka førdianar som er god til å ta imot mykje informasjon på kort tid. No er det snart ferietid, men han avslører at ein del av ferien vil gå til strategiplanlegging for den nye arbeidsplassen.  

—    Eg er ein tenkar, og har allereie begynt å gruble litt over enkelte problemstillingar i bedrifta. Og så er eg svolten på å kikke litt inn i datasystema dei brukar. Det blir kjekt å komme i gong til hausten, avsluttar han.  

 Solid og riktig kompetanse

Øystein Hunvik er styreleiar i SumTrans. Han er svært nøgd med tilsettinga.  

—    Kalstad har ei fantastisk brei og relevant erfaring. Han har solid bakgrunn frå transportbransjen, og han kan HMS, HR, økonomi og har teknisk kompetanse. I tillegg er han ein erfaren leiar. Det er rett og slett ei kjempetilsetjing for oss, seier ein nøgd styreleiar.  

Han er ikkje i tvil om at han er riktig person for jobben.  

—    Eg trur at han kjem til å utfordre oss ein del, og det har vi berre godt av. Resultatet av det er at vi kan levere enno betre tenester enn vi gjer i dag, samtidig som vi held kostandane nede. Det vil totalt sett gjere SumTrans og SUM til ein betre aktør, avsluttar han.  

 

Kalstad startar i stillinga 1. september.  

Er du vår nye leiar?

Vår daglege leiar takka ja til ny jobb før sommaren. No er vi på leit etter ein erstattar.

Sunnfjord Miljøverk er eit selskap som tilbyr løysingar verda treng, til glede og nytte for folk og lokalsamfunnet. For å klare det, treng vi ein samfunnsorientert, trygg og tydeleg leiar, som kan sikre kostnadseffektiv drift og vidareføre verksemda i tråd med vår strategi.

Vi ønskjer oss ein dagleg leiar med praktisk sans, god forretningsforståing og gode sosiale eigenskapar. Vidare ser vi etter ein relasjonsbyggjar med gode samarbeidsevner som kan motivere og inspirere medarbeidarar.  

Har du høgare utdanning og dokumentert leiarerfaring? Det likar vi. Erfaringa er gjerne frå stillingar som ligg i grensesnittet mellom offentleg og privat verksemd, då god rolleforståing vil vere viktig for å lykkast.

Gode kandidatar må ha evne og vilje til å utvikle både seg sjølv, medarbeidarane og bedrifta i eit lengre perspektiv. Vi ønskjer oss søkjarar med ein leiarstil som evner å nytte og utvikle kompetansen hos dei tilsette. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner overfor ulike partar både internt og eksternt er ein føresetnad.

Nærare opplysningar om stillinga blir gitt av Mercuri Urval v/ Gro Reinertsen tlf.97 55 90 58 eller Ole Petter Bratteberg tlf. 97 55 90 36.

Søknadsfrist: 20.11.23

All uformell kontakt med Mercuri Urval blir handsama konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgivar.