Hopp til hovedinnholdet →

sunnfjordmiljøverk

No kan du påverke gebyret ditt sjølv

Frå 1. januar 2025 innfører vi ein ny og meir rettferdig betalingsmodell for avfallshandtering. Framover skal du betale ut i frå kor mykje du kastar.

– Modellen er utvikla for å gje ei meir rettferdig løysing der kvar kunde betaler for sitt eige forbruk. Vi meiner dette er ei moderne og ansvarleg tilnærming som gir folk insentiv til å sortere betre og minske avfallsmengda, seier Tore Dvergsdal, som er dagleg leiar i Sunnfjord Miljøverk.

«Rettferdig betalingsmodell», som er basert på «pay as you throw»- prinsippet, går ut på at kundane betalar ei fast grunnavgift, og ein eigen pris kvar gong restavfallsdunken blir tømt. Dette betyr at dei som produserer mindre restavfall, vil få redusert kostnadene sine, medan grunnavgifta vil dekke henting og handsaming av matavfall, plast, papp og papir.

– Alle husstandar vil få eit eige skriv via Altinn i løpet av kort tid. Der informerer vi om prisar og alle endringane som vil komme med den nye modellen. Kundesenteret vårt er sjølvsagt tilgjengelege for spørsmål, seier Dvergdal.

Betaling på gjenbruksstasjonen

Ein viktig del av modellen er at private hushaldningar må betale for levering på gjenvinningsstasjonane. Du kan levere metall, hageavfall, EE-avfall, farleg avfall, papp/papir, plastemballasje og glas- og metall utan ekstra kostnad. Det vil seie at dersom du kjem i eit køyretøy med berre éin eller fleire av desse avfallstypane, skal du ikkje betale.

– Vi forstår at dette kan opplevast som ei endring for mange, men dette er heilt nødvendig for at modellen skal fungere. Folk betalar for gjenvinningsstasjonane i dag også, men det er ikkje like synleg fordi det er pakka inn i den årlege avgifta. Vi meiner at det er meir rettferdig at dei kundane som brukar gjenvinningsstasjonane mest, faktisk er dei som betalar for det, legg Dvergsdal til.

Les også: dette skjer med avfallet du leverer

Må dekke inn underskot

Dei nye tiltaka kjem som eit svar på både miljømål og økonomiske utfordringar. SUM har eit underskot på 10 millionar kroner som må dekkast dei neste tre åra, og utan tiltaka ville auka renovasjonsgebyr vere den einaste løysinga.

Sunnfjord Miljøverk er underlagt sjølvkostprinsippet. Det vil seie at bedrifta skal få inn nok pengar til å dekke kostnadane knytt til henting, handsaming og transportering av avfallet. Vi har eit eige sjølvkostfond, som skal gå i balanse over ein 5 års periode.

–  Per i dag er vi om lag 10 millionar kroner i minus. Dei millionane må vi dekke inn igjen i løpet av dei tre neste åra. Det er fleire grunnar til at vi no er i underskot. Det har vore ei 38 % prisauke dei siste åra, vi får stadig fleire og strengare krav frå EU og staten for utsortering og materialgjenvinning. I tillegg har det blitt innført ei statleg CO2-avgift på forbrenning av avfall.

Skyhøg kostnad på brenning

Restavfallet som vi samlar inn blir sendt til Rådalen i Bergen til forbrenning. CO2-avgifta knytt til forbrenning kostar oss rundt 2,3 millionar i året – berre i avgift. Så det er heilt klart at kostnaden blir vesentleg lågare dersom vi klarar å få meir ut av restavfallet, som igjen vil vise igjen på gebyra, forklarar Dvergsdal.

Ein modell for ei berekraftig framtid

Målet med den nye betalingsmodellen er å gi hushaldningar større ansvar for avfallet dei produserer, samtidig som det skal vere mogleg å halde renovasjonskostnadene nede for dei som kjeldesorterer godt.

–  Vi ser at modellen kan slå hardt ut mot enkelte grupper, til dømes småbarnsfamiliar med bleiebarn. Likevel om modellen kan vere urettferdig mot enkelte grupper, kan vi ikkje frita eller setje ned avfallsgebyret ut ifrå sosiale omsyn.

Dvergsdal viser til  jf. Miljødirektoratet sin «veileder for beregning av kommunale avfallsgebyr», kapittel 4.3.5.

Positivt for framtida

Sunnfjord Miljøverk vil følgje opp innføringa av modellen tett og legge til rette for dialog med kundane, slik at overgangen blir så smidig som mogleg.

– Vi ser på dette som ein viktig milepæl for både berekraft og økonomisk ansvar. Ved å gi hushaldningane meir kontroll over eigne kostnader og oppmuntre til betre avfallshandtering, meiner vi at modellen vil kome både kundane og miljøet til gode på sikt, avsluttar Dvergsdal.

Usikker på korleis du skal sortere riktig? sortere.no har svaret!

Er det marknad for ombruk av byggemateriale i Sunnfjord?

Foto: Rune Kongsro

Saman med Sunnfjord kommune, inviterer vi alle som har interesse for temaet på ein workshop for å finne gode idéar for ombruk av byggemateriale.

Bygg- og anleggsnæringa står for store mengder avfall og materialforbruk. Dessverre er det alt for lite som går til ombruk.  

Derfor vil vi, med Sunnfjord kommune i spissen, invitere til ein arbeidsverkstad der vi saman kan utforske moglegheitene for ombruk av byggemateriale. Med utgangspunkt i prosjektet om Sande skule, vil vi diskutere korleis vi kan etablere eit berekraftig system for ombruk som sparar ressursar og reduserer utslepp.

Kvifor ombruk?

  • Reduksjon av klimagassutslepp: Ved å bruke eksisterande materiale om igjen, kan vi drastisk redusere utslepp knytt til produksjon av nye ressursar.

  • Sparing av ressursar: Ombruk av byggemateriale fører til mindre avfall og lågare behov for nye råvarer.

  • Økonomiske fordelar: Bedrifter kan spare pengar på materialkostnadar samtidig som dei bidrar til å redusere miljøbelastninga.

 Tid og stad

  • Torsdag 7. november

  • Klokka 09–12

  • Førdehuset

Program

  • Innleiing frå Sunnfjord kommune og Sunnfjord miljøverk

  • Praktiske døme på ombruksprosjektet og ombruksstasjonar

  • Diskusjon i grupper – Kven bør drifte ombruksstasjonen? Kvar bør ombruksstasjonen ligge?

Vi håpar at flest mogleg frå bygg- og anleggsnæringa, politikarar, offentleg sektor og andre interesserte blir med og deler erfaringar, idéar og forslag. Dette er ein moglegheit til å påverke framtida for bygg i Sunnfjord!

Velkommen til ein workshop som handlar om å bygge for framtida.

Her er vår nye leiar

Tore Dvergsdal startar året med ny jobb hos Sunnfjord Miljøverk.

No har eg vore innom helse, bank og media, og eg er sikker på at eg klarar å lære meg ein bransje til før eg gir meg. Det sa Dvergsdal, då han presenterte seg sjølv for dei tilsette i Sunnfjord Miljøverk i dag.

Vidare sa han at han vil sette av god tid i starten på å bli kjend med kvar enkelt tilsett, og ikkje minst med den spennande bransjen han no skal inn i.

— Eg er ein utolmodig person som er glad i framdrift. Sunnfjord Miljøverk har stort potensiale, og eg ser fram til å sjå strategisk framover saman med både styret og dei tilsette som jobbar her.

Fornøgde typar: Grim Erik Gillestad, som er styreleiar i Sunnfjord Miljøverk, saman med påtroppande dagleg leiar, Tore Dvergsdal.

Fornøgd styreleiar

— Vi er glade for å få Tore med på laget. Han er kjend for å vere omstillingsdyktig, samfunnsengasjert og sterkt motivert for nye utfordringar, seier Grim Erik Gillestad, som er styreleiar i selskapet.

Dvergsdal har vore administrerande direktør i Firda, klinikkdirektør i Helse Førde og konserndirektør i Sparebanken Vest.

— Hans tilnærming til leiing og solide leiarerfaring blir sett på som verdifulle og sentrale eigenskapar i arbeidet med å vidareutvikle organisasjonen. No blir det viktig å jobbe målretta i tråd med strategien, sikre ein god organisasjon og drive kostnadseffektivt, seier Gillestad.

Han legg til at styret ser fram til å arbeide tett saman med Dvergsdal for å realisere dei ambisiøse måla for selskapet.

 

Dvergsdal tek over stillinga etter Henning Tjørhom, som gjekk av i juni i fjor. Bodil Øvretveit har fungert som dagleg leiar i mellomtida.

Dvergsdal startar i stillinga 1. februar.