I morgon onsdag 16.november er ein journalist frå NRK Sogn og Fjordane med ein av renovasjonsbilane på ruta i Sentrum Sør i Førde. Du kan høyre det mellom 08:00 og 09:00.
Parkslirekne og andre svartelista planteartar.
Dersom de ønskjer å levere svartelista hageavfall (Parkslirekne m.f) må dette leverast separat (ikkje blanda med anna hageavfall eller anna avfall). Informer operatøren når de kjem til gjenvinningsstasjonen om kva avfall de har med. Avfallet skal i container for (brennbart) restavfall.
Her finn de meir om svartelista planteartar: http://www.sum.sf.no/svartelista-planteartar/
Ny dagleg leiar
I dag starta vår nye dagleg leiar Henning Tjørhom. Vi ønskjer han hjerteleg velkommen.
Ledig stilling SUM; Vedlikehaldsoperatør.
Stillingsstorleik; Mellom 100 og 60% aktuelt for rett person
Arbeidsoppgåver / om stillinga:
- Sveise/metallarbeid maskiner-containarar, malingsflikking
- Generelt vedlikehald, inkludert rydding
- Rettleiing på gjenvinningsstasjon, publikumskontakt
- Førefallande arbeid, inkludert å hjelpe til på SUMs gjenvinningsstasjonar utanfor Einestølen
Arbeidsstaden er normalt Einestølen
I SUM må alle rekne med å gå inn i andre sine arbeidsoppgåver.
Kunnskap er viktig – tilsette får internopplæring og kurs lokalt og rundt om i Norge.
Viktige føresetnader:
- Dokumentert kompetanse og erfaring på «varmt arbeid»
- Forstå at avfall kan vere farleg, skal handterast som risikoprodukt
- God norsk tale for å kunne rettleie.
- God til å rettleie og svare på spørsmål, høfleg og bestemt framferd
- Påliteleg og stabil
- Evne og vilje til å setje seg inn i, forstå og etterleve reglane i avfallsbransjen og arbeidslivet
Truck/maskinførarbevis er ikkje krav, likevel + til dei med slik fagkunnskap
Prøvetid 6 mnd. Løn etter avtale
Send kortfatta søknad, beskriv erfaring og opplæring, CV. Oppgi ønskje om stillingsstorleik.
Oppgi referansar og når du kan starte i jobben.
SUM er offentleg bedrift, søkjarlista er normalt offentleg. Om «unntatt offentlegheit» vert ønskt; Oppgi grunn i søknaden. Vitnemål og attestar skal ikkje vedleggast søknad, dette kjem vi tilbake til for dei som er aktuelle.
Kontaktperson 6.og 9. og 13. mai 2016; dagleg leiar Håkon Grepstad, tlf. 90544754
Søknadsfrist: 18. mai 2016
Det er ønskjeleg at søknaden vert sendt elektronisk til e-post haakon.grepstad@sum.sf.no
Sunnfjord Miljøverk IKS
Dagleg leiar Grepstad
Einestølen
6815 Førde
Asbesthaldig materiale
SUM ber alle vere særskilt merksame på at asbesthaldig materiale skal behandlast varsamt for å redusere helsefare.
Bruk Arbeidstilsynets faktaside; http://www.arbeidstilsynet.no/fakta.html?tid=78164/
Konstruksjonar med eternitt- eller andre asbestplater må handterast slik Arbeidstilsynets regelverk krev
Asbesten skal leverast til lovleg mottak med særskilt løyve, til dømes til Sunnfjord Miljøverk sin hovudstasjon på Einestølen
Det er ulovleg å grave ned asbest på eigen eller annanmanns grunn
Ta kontakt med kommunen eller SUM for å få råd
Kommunen og Arbeidstilsynet kan gi pålegg
Stillingsutlysing: Dagleg leiar - Sunnfjord Miljøverk, SUM.
SUM-info1 2016
I desse dagar kjem SUM-info1 2016 i posten. Du finn den og elektronisk ved å trykke her