Hopp til hovedinnholdet →

Forside

Endring av opningstid

Gjenvinningsstasjonane i Askvoll og i Fjaler får ny opningstid frå måndag 5. februar.

Grunna vegstengingar på rv.57 mellom Osen og Dale, rekk ikkje gjenvinningsoperatørane å opne stasjonane til ordinær opningstid. Derfor endrar vi opningstida på desse stasjonane til kl. 12.15 - 18.00.

— Vi ser at kolonnetidene passar dårleg med dei ordinære opningstidene til stasjonane. Kombinasjonen med endra køyreveg og dårlege køyreforhold, gjorde at vi bestemte oss for å endre opningstida med 15 minuttar for å sikre at operatørane våre kjem seg trygt fram til arbeidsplassen, seier Bodil Øvretveit, som er konstituert dagleg leiar i Sunnfjord Miljøverk.

Det er også betre å endre litt på opningstida enn at kundane må stå utanfor porten å vente, skyt ho inn.

Endringa gjeld frå 5. februar 2024, og så lenge vegarbeidet pågår.

Her er vår nye leiar

Tore Dvergsdal startar året med ny jobb hos Sunnfjord Miljøverk.

No har eg vore innom helse, bank og media, og eg er sikker på at eg klarar å lære meg ein bransje til før eg gir meg. Det sa Dvergsdal, då han presenterte seg sjølv for dei tilsette i Sunnfjord Miljøverk i dag.

Vidare sa han at han vil sette av god tid i starten på å bli kjend med kvar enkelt tilsett, og ikkje minst med den spennande bransjen han no skal inn i.

— Eg er ein utolmodig person som er glad i framdrift. Sunnfjord Miljøverk har stort potensiale, og eg ser fram til å sjå strategisk framover saman med både styret og dei tilsette som jobbar her.

Fornøgde typar: Grim Erik Gillestad, som er styreleiar i Sunnfjord Miljøverk, saman med påtroppande dagleg leiar, Tore Dvergsdal.

Fornøgd styreleiar

— Vi er glade for å få Tore med på laget. Han er kjend for å vere omstillingsdyktig, samfunnsengasjert og sterkt motivert for nye utfordringar, seier Grim Erik Gillestad, som er styreleiar i selskapet.

Dvergsdal har vore administrerande direktør i Firda, klinikkdirektør i Helse Førde og konserndirektør i Sparebanken Vest.

— Hans tilnærming til leiing og solide leiarerfaring blir sett på som verdifulle og sentrale eigenskapar i arbeidet med å vidareutvikle organisasjonen. No blir det viktig å jobbe målretta i tråd med strategien, sikre ein god organisasjon og drive kostnadseffektivt, seier Gillestad.

Han legg til at styret ser fram til å arbeide tett saman med Dvergsdal for å realisere dei ambisiøse måla for selskapet.

 

Dvergsdal tek over stillinga etter Henning Tjørhom, som gjekk av i juni i fjor. Bodil Øvretveit har fungert som dagleg leiar i mellomtida.

Dvergsdal startar i stillinga 1. februar.

Kulda skapar tømmetrøbbel

Godt tips: Harald Nyland er renovasjonsansvarleg i Sunnfjord Miljøverk. Han tipsar om å legge papp i botnen av dunken for å unngå at innhaldet frys fast.

Mange kundar slit med at avfallet frys fast i botnen av dunken i den bitande kulda. Det skapar store utfordringar ved tømming.

 

Dette er eit problem som går igjen kvart einaste år. Avfallet frys fast i botnen av dunken og abonnentane står igjen med halvtømte dunkar. I år er utfordringa endå større sidan vi også har innført sortering av matavfall, seier Harald Nyland, som er ansvarleg for renovasjon i Sunnfjord Miljøverk.

 

Etter at gradestokken sank til under frysepunktet har renovatørane gitt tilbakemeldingar på at dette er eit aukande problem. Heldigvis finst det tips som abonnentane kan prøve.

– Vi kan anbefale å legge ei avis, eggkartong, bark eller flis i botnen på dunken. Generelt er det lurt å la avfallet tørke mest mogleg før ein hiv det i avfallsposane. Om vinteren er dette ekstra viktig nettopp for å unngå at det skal fryse, påpeiker Nyland.

Manuell sortering

Han legg til at dette ikkje er ein optimal løysing og at heile renovasjonsbransjen ser etter betre løysingar på denne problemstillinga.

– Eggkartong og avispapir skal jo ikkje i matavfallet så dette medfører ekstra arbeid for operatørane våre på Einestølen. Det blir ein manuell jobb for å sortere ut det som ikkje høyrer heime. Hovudoppgåva vår er å få tømt dunkane til abonnentane og då må vi rett og slett ta oss tid til dette ekstraarbeidet, seier han.

 

HMS er førsteprioritet

Grunna helsemessige omsyn har ikkje renovatørane lov til å ta i innhaldet i dunkane. Dei kan heller ikkje sparke og slå i det, for då kan dei sprekke i kulda.

– Renovatørane våre gjer så godt dei kan. Vi ber om forståing for problemstillingane som vi presenterer her og håpar at tipsa kan hjelpe, seier Nyland.

 

Hugs fri ferdsel

Nyland påpeiker endå ein ting som er verdt å merke seg no gjennom vinteren.

– Vi ønsker å gje ei venleg påminning om at det er abonnentane sjølv som er ansvarleg for å måke snø og strø på private vegar. For at renovatørane våre skal få tømt dunken er det viktig med fri ferdsel, avsluttar han.

Slett SUM-appen

Du vil ikkje få varsling om tømming av avfallet ditt før eit stykke ut i 2024.

Dessverre er appen ute av drift og den kjem ikkje til å fungere igjen. Vi ber derfor om at kundane våre slettar den frå mobilane sine, seier Bodil Øvretveit, som er konstituert dagleg leiar i Sunnfjord Miljøverk.

 Det var to flinke ungdommar som laga appen i si tid. No har dei andre ting å drive med, og vi får derfor ikkje vidareutvikla appen.

Vi veit at den har vore nyttig for mange for å hugse å sette fram dunken i ein travel kvardag. Appen fungerte godt lenge, men slutta å virke då vi innførte sortering for matavfall i januar i år.  

Betring i sikte

Den gode nyheita er at vi jobbar med både ny nettside og ein varslingsfunksjon for tømming av avfall.

No i haust fekk vi endeleg ein kommunikasjonsrådgjevar hos oss. Ho jobbar med å få på plass akkurat dette. Vi skulle helst hatt alt klart for lenge sidan, men har venta på å få inn nokon i kommunikasjonsrolla for å drive prosjektet. Sidan vi er ein offentleg aktør tek det også tid med slike prosessar. Vi ber derfor folk om å smøre seg med tålmod, seie Øvretveit.

Last ned renovasjonskalendar

Mens vi ventar på ny funksjonell varslingsløysing, kan de legge inn påminnelse i kalendaren din på telefonen. Då vil tømminga legge seg inn i kalendaren din og varsle deg klokka 19. 00 dagen før tømming.

Dette er ikkje ei optimal løysing, men det fungerer medan vi ventar på noko betre, seier Øvretveit.

Sjå framgangsmåte for å laste ned renovasjonskalendar

No startar vi utkøyring av nye plastsekkar

Frå måndag 9. oktober og utover skal vi levere plastsekkar heim til deg. Det einaste du må hugse på er å sette ut dunken din.

Tidlegare har vi delt ut på tømmedagen for plast og papir, men i år har vi med oss rullane på alle rutene. Altså legg vi plastrullar på både blå, grøn og svart dunk. Dette er for å gjere prosessen meir effektiv, og sikre at du skal få nye sekkar så fort som mogleg. (For ja, vi er seint ute, og det beklagar vi).

Hjelp! Eg er på haustferie

Då skal du senke skuldrane og kose deg i ferien. Dersom du ikkje er heime og kan sette ut dunken din, får du plastrullen levert i ei av dei påfølgande vekene. Du må berre hugse å sette ut dunken din på ein tømmedag i nærmaste framtid.

Det er også mogleg å hente ut ny rull med sekkar i lokala våre i Elvegården (3. etg) i Førde sentrum.

 

For deg som bur i Naustdal

I januar blei det innført fleksibel gebyrmodell på postnummer 6817. Det vil seie at du betaler for kor mange gonger du tømmer matavfall og restavfall. Med andre ord: dei som er flinke til å sortere, betalar mindre.

Dersom du ikkje har behov for å få tømt matavfallsdunken din eller restavfall dei kommande vekene, kan du sette fram papirdunken for å få nye plastsekkar. NB: papirdunken vert ikkje tømt.

 

Ingen ekstra kostnad

Alle husstandar i dekningsområdet vårt har plastrullar inkludert i årsgebyret sitt. Kor mange avhenger av kor stor dunk kvar enkelt har.

  • 140 l papirdunk – 1 rull (12 sekkar)  

  • 240 l papirdunk – 2 rullar (24 sekkar)

  • 660 l papirdunk – 5 rullar (60 sekkar)

 

Merk deg at vi berre hentar plastsekkar som er utlevert av SUM. Dersom du har samla plast i ein anna sekk, må du flytte innhaldet over i ein SUM-sekk.

Rein plastemballasje er viktig

Mykje av plastemballasjen er rein nok når den er tom. Plast frå ein salamipakke treng du ikkje å skylje sjølv om den fortsatt er litt feittete. Ketsjupflasker, yoghurtbeger og liknande bør du skylje i kaldt vatn før du kastar den i returplasten. Miljøgevinsten forsvinn dersom alle brukar varmt vatn for å skylje vekk mat- og andre restar frå emballasjen. Ein god regel er at plasten bør vere rein nok til at den ikkje begynner å lukte vondt.

 

Les meir om gjenvinning av plastemballasje på sortere.no

Feilsortert batteri kan skape brann

Kvar einaste dag opplever avfalls- gjenvinningsbransjen tilløp til brann. Nesten 80 prosent av brannane på gjenvinningsanlegg med kjent årsak skuldast feilsorterte batteri (Norsk Industri)

Dei fleste av oss er flinke til å sortere batteri. Heile 80 prosent av oss seie at vi gjer det. Det er veldig bra, samtidig er det forsatt fleire millionar batteri som blir kasta feil. Enten det er batteriet frå fjernkontrollen som blir kasta i restavfallet, eller det spelande bursdagskortet som blir kasta i papiret, utan å ta ut batteriet som har feira med sang. Då kan det oppstå brann heime hos deg sjølv, i renovasjonsbilen eller på gjenvinningsstasjonen.

Kva bør eg gjere?

Heime hos deg sjølv kan det vere lurt å ha ein fast plass der du samlar batteri. Det kan vere eit tomt syltetøyglass eller ein liten boks. Eit godt tips er å ha ein rull med teip ståande ved sidan av. For polane skal nemleg teipast, for å vere heilt trygg på at batteria ikkje skal ta fyr.

Kva gjer eg med brukte batteri?

Du kan levere inn brukte batteri alle plassar du får kjøpt batteri. Det er faktisk lovpålagt. Det er heilt gratis å levere inn brukte batteri.

Kva skjer med innleverte batteri?

Batteria blir frakta til sorteringsanlegg. Der blir dei kvalitetssikra og sortert etter korleis batteria er bygd opp. Når batteria er sortert, blir dei sendt med båt eller trailer til godkjente anlegg for batteri i Europa. Der hentar dei ut råstoff som plast, bly, rensa og behandla syre, sink, kadmium, nikkel og kobolt. Nokre av råstoffa er sjeldne og fins berre i svært avgrensa mengder. Mange av desse går inn i produksjonen av nye batteri, medan dei resterande råstoffa kan bli om til hagemøblar, pigment i malin eller metallegeringer.  

 Usikker på sortering? Sortere.no har svaret!

Bli med på Strandryddeuka 2023

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Bli med på nasjonal ryddedugnad 8. – 17. september.

Strandryddeuka er eit årleg arrangement i regi av Hold Norge Rent. Tanken er å ta i litt ekstra for å halde naturen vår fri for søppel. Vi heiar på initiativet, og stiller sjølvsagt med gratis sekkar å plukke i.

Slik gjer du:

  • Hent sekkar på ein av miljøstasjonane våre eller på kontoret vårt i Elvetorget (3.etg), eller bruk ein gjennomsiktig plastsekk du har liggande heime.

  • Rydd langs elv, fjord, strand, på tursti eller i bybilde

  • Lever inn avfallet på ein av miljøstasjonane våre, eller i containeren som vi sett opp på Festplassen i Førde (fredag 15. september – søndag 17. september)

For mange har Strandryddeuka blitt ein artig tradisjon. Det er sosialt og givande på same tid, både for store og små. I 2022 bidrog heile 800 000 nordmenn til frivillig opprydding.

Meir praktisk informasjon finn du her

 

Behov for nye matavfallsposar?

Det er mange som spør etter fleire sorteringsposar. Her er lista over kor du kan plukke dei opp.

Vi jobbar med ei betre løysning på dette, men inntil den er på plass, kan du få nye posar på desse butikkane:

  • Coop Extra/Obs bygg Førde (Kronborgvegen)

  • NorEngros, Førde

  • Coop Extra Naustdal

  • Coop Extra Dale

  • Bunnpris Leirvik

  • Coop Prix Skei

  • Joker Flekke

  • Joker Atløy

  • Joker Kvammen

  • Spar Bygstad

  • Bygdetunet i Viksdalen

Du kan plukke med deg frå ein av gjenvinningsstasjonane våre, eller så kan du stikke innom dei nye kontora våre i 3. etasje på Elvegården.

Posane er gratis, men vi ber om at de berre tar med dykk èin bunke om gongen. Vi må jo tenke på miljøet.

Kurv til papirposane kan du få utlevert på gjenvinningsstasjonane våre og på kontoret på Elvegården.