Hopp til hovedinnholdet →

sortering

Ny betalingsmodell frå 2025

Foto: Oda Hveem, Loop

Frå 1. januar 2025 innfører vi ny gebyrmodell for hushaldningskundar. Den nye betalingsmodellen, kalla rettferdig betalingsmodell, er basert på prinsippet om at du skal betale etter kor mykje du kastar.

Renovasjonsgebyret vil bestå av to delar: eit fast grunngebyr og ein variabel del.

Slik blir modellen for deg med eigen restavfallsdunk  

  • Grunngebyr: 3500 kroner.    
    Dette er ein årleg kostnad som vil vere lik for alle bueiningar med eigen dunk. Grunnbeløpet dekkjer henting, handsaming og vidare transport av matavfall, papp/papir, plastemballasje, glas- og metallemballasje og administrasjonskostnadar knytt til renovasjon.   

  • Tømmegebyr for restavfall: 100 kroner (140 liters dunk)/ 175 kroner  (240 liters dunk).  
    Det vil seie at du får eit tilleggsgebyr på 100 kroner (140 liters dunk) for kvar gong du sett fram restavfallsdunken din.   

Slik blir modellen for deg som bur i sameige/burettslag

  • Fastpris: 4900 kroner  
    Dette er ein årleg kostnad som vil vere lik for alle bueiningar. Grunngebyret dekkjer henting, handsaming og vidare transport av matavfall, restavfall, papp/papir, plast-, glas- og metallemballasje, samt administrasjonskostnadar knytt til renovasjon.   

Slik blir modellen for deg som har lukeopning (nedgravd anlegg)  

  • Grunngebyr: 3500 kroner.   

  • Tømmegebyr for restavfall: 20 kroner for kvar gong du opnar restavfallsluka. 

  • Servicegebyr: I tillegg kjem det ei årleg avgift på 200 kroner for å dekke vask og service på anlegget. Denne avgifta vil bli fordelt på termingebyra. 

 

Betaling på gjenvinningsstasjonane  

For at den rettferdige betalingsmodellen skal fungere, må vi innføre betaling på gjenvinningsstasjonane slik at alle betaler for det avfallet dei leverer, uansett om det er via dunken heime eller på ein hengar på gjenvinningsstasjon. På denne måten blir kostnadane rettferdig fordelt.  

Prisar:  

  • Bil, mindre køyretøy eller gåande: 150 kroner   

  • Varebil: 350 kroner  

  • Bil med hengar: 350 kroner  

  • Varebil med hengar: 400 kroner  

  • Traktor: 800 kroner

Varebil: Vi tar utgangspunkt i kva bilen er registrert som hos Statens Vegvesen. Du kan sjekke køyretøyopplysningane i vognkortet eller på Statens Vegvesen si eiga heimeside. Sjå køyretøyopplysningar her.

Metall, hageavfall, EE-avfall (elektrisk avfall), farleg avfall, papp/papir, plastemballasje og glas- og metall utan ekstra kostnad. Dette er inkludert i grunnbeløpet ditt. Det vil seie at dersom du kjem med i eit køyretøy med berre éin eller fleire av desse avfallstypane, skal du ikkje betale.  Har du derimot med deg avfall (uansett størrelse eller vekt) som ikkje er på lista over, må du betale utifrå kva køyretøy du kjem i.

Du kan betale med vipps, kort eller kontant på alle gjenvinningsstasjonane.


No kan du påverke gebyret ditt sjølv

Frå 1. januar 2025 innfører vi ein ny og meir rettferdig betalingsmodell for avfallshandtering. Framover skal du betale ut i frå kor mykje du kastar.

– Modellen er utvikla for å gje ei meir rettferdig løysing der kvar kunde betaler for sitt eige forbruk. Vi meiner dette er ei moderne og ansvarleg tilnærming som gir folk insentiv til å sortere betre og minske avfallsmengda, seier Tore Dvergsdal, som er dagleg leiar i Sunnfjord Miljøverk.

«Rettferdig betalingsmodell», som er basert på «pay as you throw»- prinsippet, går ut på at kundane betalar ei fast grunnavgift, og ein eigen pris kvar gong restavfallsdunken blir tømt. Dette betyr at dei som produserer mindre restavfall, vil få redusert kostnadene sine, medan grunnavgifta vil dekke henting og handsaming av matavfall, plast, papp og papir.

– Alle husstandar vil få eit eige skriv via Altinn i løpet av kort tid. Der informerer vi om prisar og alle endringane som vil komme med den nye modellen. Kundesenteret vårt er sjølvsagt tilgjengelege for spørsmål, seier Dvergdal.

Betaling på gjenbruksstasjonen

Ein viktig del av modellen er at private hushaldningar må betale for levering på gjenvinningsstasjonane. Du kan levere metall, hageavfall, EE-avfall, farleg avfall, papp/papir, plastemballasje og glas- og metall utan ekstra kostnad. Det vil seie at dersom du kjem i eit køyretøy med berre éin eller fleire av desse avfallstypane, skal du ikkje betale.

– Vi forstår at dette kan opplevast som ei endring for mange, men dette er heilt nødvendig for at modellen skal fungere. Folk betalar for gjenvinningsstasjonane i dag også, men det er ikkje like synleg fordi det er pakka inn i den årlege avgifta. Vi meiner at det er meir rettferdig at dei kundane som brukar gjenvinningsstasjonane mest, faktisk er dei som betalar for det, legg Dvergsdal til.

Les også: dette skjer med avfallet du leverer

Må dekke inn underskot

Dei nye tiltaka kjem som eit svar på både miljømål og økonomiske utfordringar. SUM har eit underskot på 10 millionar kroner som må dekkast dei neste tre åra, og utan tiltaka ville auka renovasjonsgebyr vere den einaste løysinga.

Sunnfjord Miljøverk er underlagt sjølvkostprinsippet. Det vil seie at bedrifta skal få inn nok pengar til å dekke kostnadane knytt til henting, handsaming og transportering av avfallet. Vi har eit eige sjølvkostfond, som skal gå i balanse over ein 5 års periode.

–  Per i dag er vi om lag 10 millionar kroner i minus. Dei millionane må vi dekke inn igjen i løpet av dei tre neste åra. Det er fleire grunnar til at vi no er i underskot. Det har vore ei 38 % prisauke dei siste åra, vi får stadig fleire og strengare krav frå EU og staten for utsortering og materialgjenvinning. I tillegg har det blitt innført ei statleg CO2-avgift på forbrenning av avfall.

Skyhøg kostnad på brenning

Restavfallet som vi samlar inn blir sendt til Rådalen i Bergen til forbrenning. CO2-avgifta knytt til forbrenning kostar oss rundt 2,3 millionar i året – berre i avgift. Så det er heilt klart at kostnaden blir vesentleg lågare dersom vi klarar å få meir ut av restavfallet, som igjen vil vise igjen på gebyra, forklarar Dvergsdal.

Ein modell for ei berekraftig framtid

Målet med den nye betalingsmodellen er å gi hushaldningar større ansvar for avfallet dei produserer, samtidig som det skal vere mogleg å halde renovasjonskostnadene nede for dei som kjeldesorterer godt.

–  Vi ser at modellen kan slå hardt ut mot enkelte grupper, til dømes småbarnsfamiliar med bleiebarn. Likevel om modellen kan vere urettferdig mot enkelte grupper, kan vi ikkje frita eller setje ned avfallsgebyret ut ifrå sosiale omsyn.

Dvergsdal viser til  jf. Miljødirektoratet sin «veileder for beregning av kommunale avfallsgebyr», kapittel 4.3.5.

Positivt for framtida

Sunnfjord Miljøverk vil følgje opp innføringa av modellen tett og legge til rette for dialog med kundane, slik at overgangen blir så smidig som mogleg.

– Vi ser på dette som ein viktig milepæl for både berekraft og økonomisk ansvar. Ved å gi hushaldningane meir kontroll over eigne kostnader og oppmuntre til betre avfallshandtering, meiner vi at modellen vil kome både kundane og miljøet til gode på sikt, avsluttar Dvergsdal.

Usikker på korleis du skal sortere riktig? sortere.no har svaret!

Dei er overalt. Men legg du merke til dei?

Foto: Kristoffer Hunstad, kilde: LOOP

Før du har gått heimanfrå om morgonen, har du allereie sett dei fleire gongar. Når du set på kaffien, heller mjølk i glaset, smørjer brødskiva og når du kastar søppelposen i dunken på veg til skule eller jobb.

 Kasteaugeblikket; dei sekunda der du tek valet om du skal sortere - eller ikkje. Eit augeblikk vi alle har stått i, der det er lett å bli usikker på korleis ein kjeldesorterer noko. Då kan du sjå etter Sorteringsmerka - dei finst (nesten) overalt. På potetgullposen, syltetøyglaset og mjølkekartongen finn du merket som gjev deg hjelpa du treng, ofte saman med ein kort hjelpetekst, slik at det blir lett å sortere i riktig dunk.

Legg merke til merka

Plastemballasje er lilla, glasemballasje lysegrønt, metallemballasje grått og papir er blått. Kvart materiale har sin eigen farge, noko som gjer dei lette å lese og kjenne att, samstundes som det vert enkelt å sjå kva som skal kor. Dei same merka som du finn på emballasjen, finn du òg på søppeldunkar heime, på skulen og på arbeidsplassar over heile landet.

Sorteringsmerka er laga for å gjere kjeldesortering enklare for alle. Når du får same merke på det du sorterer og der du kastar, veit du alltid kor du skal sorterer kva. Når du er i tvil, kan du alltid søkje og få svaret på Sortere.no.

Lett å bli litt betre til å kjeldesortere

Sorteringsmerka gjer det enklare å sortere riktig. Finn Sorteringsmerket på emballasjen, og du har svaret i handa allereie. Besøk sortere.no om det er noko meir du lurer på. Her kan du søkje etter det du lurer på og få raskt svar på spørsmål som kor rein emballasjen skal vere, eller kva du gjer med blandingsemballasje.

Om sorteringsmerka

Sorteringsmerka er den nasjonale merkeordninga for kjeldesortering. Ei harmonisert farge- og merkeordning gjer det enkelt å kjeldesortere heime, på jobben og i offentlege rom. Sorteringsmerka blir brukte på alt frå emballasje, avfallsbehaldarar heime, på arbeidsplassar og på gjenvinningsstasjonar.

Om Sortere

Sortere hjelper folk og bedrifter med å sortere meir og gjev gode råd om korleis vi kan skape mindre avfall. Sortere vert drive av LOOP i samarbeid med aktørar over heile landet. I Sortere-databasen blir informasjon samla frå alle kommunale og private renovasjons- og avfallsselskap i landet, noko som gjer det mogleg å få rett sorteringssvar uansett kvar landet du er. Returselskap, som har ansvar for innsamling og gjenvinning, bidreg til å sikre at informasjonen på Sortere er korrekt. Sortere samarbeider med forskarar, organisasjonar, offentlege verksemder, bedrifter og andre aktørar som har same mål som dei. Saman jobbar vi best for å ta vare på ressursane våre.

Alle foto og tekst: LOOP

Feilsortering er daglegvare

Det er viktig at kundane våre nyttar seg av desse posane til matavfallet sitt. For ordens skuld: maten på bilde er ikkje klar for dunken enno. Det er berre epleskrott, druestilk og eggeskal som skal i posen (resten skal i magen).

Vi kan ikkje tømme matavfallsdunken din om vi ser at den inneheld bioposar. Bioposane er seige og heng seg opp i maskinene til anlegget vi leverer matavfallet til.

Renovatørane våre sjekkar tilfeldige dunkar før dei tømmer. Det vil seie at dei opnar lokket og ser over innhaldet. Grunna HMS har dei ikkje lov til å ta ned i dunken, og dei kan derfor ikkje ta ut plast og anna avfall som er feilsortert.

Varme frå epleskrott

Matavfallet ditt blir frakta til Grødaland biogassanlegg på Jæren. Der blir det brukt i produksjon av biogass og biogjødsel. Biogass er ein fornybar energikjelde som vi kan bruke til elektrisitet, varme og drivstoff, medan biogjødsel er ein verdifull ressurs for landbruket.  Med andre ord er matavfallet ditt ein viktig ressurs. Kvar epleskrott teller!

Papirposane er svært miljøvenlege

Papirposane er spesiallaga til matavfall og toler ein del fukt. Likevel er det lurt å la matrestane tørke før du kastar dei i posen. Fukt- eller fettflekkar er heilt normalt. Det betyr ikkje at posen kjem til å rivne. Dersom du er usikker, kan du eventuelt bruke ein ekstra papirpose utanpå.

Tom for matavfallsposar? Her er oversikt over kor du kan få tak i fleire.

Papirposen er eit svært miljøvenleg alternativ. Den er 100 % fornybar og utgjer ingen risiko for å spreie mikroplast til landbruket. Vi forstår at det kan oppstå litt irritasjon rundt dette, men med nokre enkle grep kan prosessen gå litt lettare.

  • Unngå matsvinn! Kjøp det du skal bruke, et opp og ver kreativ med restane. Då får du rett og slett mindre matavfall.

  • Bruk den grønne korga med luftehol. Dersom du ikkje har korg kan du hente på kontoret vårt i Elvegården eller på ein av gjenvinningsstasjonane våre.

  • Supper og anna avfall som er veldig vått kan du kaste i restavfallet.

Dropp blomster og potteplanter

Biogjødsel skal betre kvaliteten på jorda som blir brukt i matproduksjon. Planter og blomster kan innehalde sprøytemiddel og stoff som ikkje er eigna i denne type gjødsel for jordbruk. Derfor må du kaste blomster og jord i restavfallet, eller levere på gjenvinningsstasjonen som hageavfall.

 

Nysgjerrig på kor avfallet ditt hamnar? Les om det her: Dette skjer med avfallet du leverer — Sunnfjord Miljøverk IKS (sum.sf.no)

Vi er i Norgestoppen på plastsortering

Innbyggarane våre er gode på å reingjere og sortere plastemballasje riktig. Dei fortener ei god dose skryt, seier Harald Nyland.

Han er renovasjonsansvarleg i Sunnfjord Miljøverk, og sjølvsagt veldig fornøgd med resultatet av plukkanalysen som vart gjennomført 24. april i år.

Totalt gjekk vi gjennom 388 kg innsamla plastemballasje. Resultatet av dette viste 2,6 prosent forureining. Det er godt innanfor kvalitetsmåla som er 5 prosent.

— Det er meir eller mindre rein plastemballasje som vert samla inn frå innbyggarane her, og det er veldig bra, seier Kristian Nordby, som er prosjektleiar i Plastretur.

Kor reint er reint nok?

Det er mange som lurer på kor rein emballasjen faktisk må vere før den blir kasta. Nordby påpeiker at den bør vere rein og tørr, men at ein må bruke sunn fornuft.

— Dersom det er vanskeleg å reingjere og du må bruke varmt vatn, er det betre å kaste i restavfallet, forklarer han.

Rein plastemballasje

Plastemballasjen vert samla inn saman med dunken for papp og papir. Deretter vert det frakta til Norsk Gjenvinning for vidare sortering.

— Norsk Gjenvinning fortener også skryt, for dei gjer ein veldig god jobb i mottak. Resultata viser lite forureining mellom plast og papp og papir, til tross for at dei vert samla inn samtidig. Dei gjer med andre ord eit veldig bra manuelt arbeid med å sortere ut dei forskjellege avfallstypane.

— Dette er svært gode resultat. Godt jobba!

Kristian Nordby, prosjektleiar i Plastretur

Foto: Beathe Schieldrop

Gjenvunne i Tyskland

Plastretur hentar plastemballasjen hos Norsk Gjenvinning i Førde. Deretter blir den transportert vidare til Tyskland på ein mest mogleg miljøeffektiv måte.

— Per no er det ingen anlegg for gjenvinning av returplast i Norge. Miljøgevinsten ved å kjeldesortere på denne måten er mykje større enn at plasten går til forbrenning her i landet.

Returplast og Tomra har gått saman om å bygge eit nasjonalt finsorteringsanlegg for hushaldningsplast. Det skal etter planen stå klart i midten av 2025, og då kan deler av gjenvinningsprosessen bli løyst her i landet.

Gjenvunne plast kan brukas til blant anna å lage plastposar, avfallssekkar, blomsterpotter, leikestativ eller benkar. Det kan også bli om til ny emballasje.

 

Framleis ein veg å gå

I 2023 samla vi inn 9,1 kg plastemballasje per innbyggar i dekningsområdet vårt. Det er litt over snittet som er 8 kg per innbyggar frå områda som har Plastretur-avtale.

Ifølge Plastretur må Norge samle inn rundt 16 kg per innbyggar for å nå kravet om 52 prosent materialgjenvinning innan 2030.

— Det betyr at alle må bli endå flinkare på å sortere ut plastemballasjen frå restavfallet sitt. Vi er gode på å levere frå oss rein plastemballasje, men vi har framleis ein veg å gå på å få sortert ut alt, seier Nyland.  



Usikker på kor du skal kaste kva? Sjekk ut sortere.no. Dei har svaret!

Vant i Returkartonglotteriet

Linda Fleten Snekkevåg har sortert kartongar riktig i fleire år. No har det lønna seg. Foto: privat

Linda Fleten Snekkevåg gjorde ein jobb for miljøet og blei 10 000 kroner rikare.

— Dette var ufatteleg kjekt! Tenk at det går an å vinne så mykje pengar utan å betale for å ta lodd. Det er jo heilt fantastisk, seier den ferske vinnaren frå Fure. 

Returkartonglotteriet har eksistert sidan 1997. Kvart år blir det trekt ut heile 124 vinnarar som delar ein pott på til saman 1,6 millionar kroner. I februar blei Linda sin kartong plukka opp frå mengda.

— Eg har skrive namn og telefonnummer på kartongane i 1-2 år, men må innrømme at eg ikkje har hatt trua på å vinne. I tillegg har eg vore usikker på om ordninga faktisk gjeld endå. Derfor var det ekstra kjekt då eg fekk telefonen, seier den glade vinnaren.

Friska opp både kjøkken og bil

Snekkevåg jobbar på Fjaler sjukeheim. Ho kan fortelje at ho er oppteken av miljøet både på arbeidsplassen og på heimebane.

— Sortering er viktig og eg pleier alltid å sjekke kva som skal kor før eg kastar det. Dette er eg også oppteken av på jobb. Det er kanskje nokon som syns eg masar litt, men det må dei berre tole, ler ho.


Gevinsten er utbetalt og pengane har allereie kome godt med.

— Bilen fekk seg storservice og så har eg fått meg nye kjøkkenstolar. Resten går inn i matbudsjettet.

Lettente pengar

Totalt blir det gjenvunne 12.000 tonn drikkekartong kvart år. Å gjenvinne brukte kartongar er langt mindre energikrevjande enn å produsere papir frå nytt trevirke. Derfor er gevinsten stor når folk leverer drikkekartongane i retur.  No er det heller ingen krav om å lage kubbe for å vinne toppgevinsten, men ein kan skrive namn på kvar enkelt kartong.

— Det er jo litt jobb med det, men det er lettente pengar. Denne premien gav meg i alle fall meirsmak til å fortsette å skrive namn og telefonnummer på kartongane, seier den heldige vinnaren.

— Dette var rett og slett utruleg stas. Eg er heilt overvelda og kjem utan tvil til å fortsette å sortere framover.

Fortsett å sortere - det er pengar å hente

 — Returkartonglotteriet er ei super ordning for å få samla inn tomme kartongar. Vi har fått høyre at det er fleire som er usikre på om ordninga eksisterer enno. Med ein fersk vinnar i nærleiken håpar vi at vi har fått stadfesta det, seier Marie Tefre Birkeland, som er kommunikasjonsrådgjevar i Sunnfjord Miljøverk.

Drikkekartongar er laga av jomfrueleg fiber. Det vil seie at det er første gong materialet er i bruk. Derfor kan fibrane i ein innlevert drikkekartong ha sju-åtte liv framfor seg, i forhold til dømes ein pizzakartong eller eska til frukostblanding.

— Det er jo hovudsakleg miljøet som vinn på denne ordninga, men det er ein stor bonus å kunne lokke med ein potensiell pengepremie til dei som vil sortere. Og så er det jo ei spenning med det. No håpar vi at endå fleire vel å skrive namn og nummer på kartongane sine framover. Er vi heldige kan vi få ein ny vinnar allereie i neste kvartal, avsluttar Birkeland.

Dette er Returkartonglotteriet

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet – privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.

  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6  millionar kroner. Det er fordelt på premiar på 10 000 kroner, og fire premiar på 100 000 kroner.

  • Skriv namn og nummer på kartongen, og legg den i dunken for papir.

  • Kartongar trekkast frå 84 forskjellege plassar i landet. Kvar plass skal trekke mellom 1 til 7 kubbar eller enkeltkartongar avhengig av innbyggartal. Til saman maks 188 kvart kvartal. Kubbane eller enkeltkartongane går vidare til nasjonal trekking.

  • Det er Grønt Punkt Norge som står bak ordninga.

Kva skjer med kartongane?

  • Utsortert drikkekartong blir pressa til ballar og vert selt til papirfabrikkar.

  • Kartongane vert kverna opp og tilsett vatn. Papirfibrane reinsast, tromlast og pressast, og blir til nye papp – og papirprodukt med minimalt bruk av kjemikaliar.

  • Innsamlingsmålet for drikkekartongar er å oppnå så høg gjenvinningsgrad som mogleg for å redusere miljøavgifta.

Nye reglar på gjenvinningsstasjonane

Frå 1. juni er det ikkje lengre mogleg å levere avfall i mørke eller svarte sekkar på gjenvinningsstasjonane til Sunnfjord Miljøverk.  

 

—    Vi vil påpeike at endringa ikkje vert innført for å gjere det vanskeleg for kundane, men for å få betre kontroll over kva som blir levert inn hos oss og dermed sikre betre sortering, seier Tore Dvergsdal, som er dagleg leiar i Sunnfjord Miljøverk.    

I snitt har gjenvinningsstasjonane i Sunnfjord besøk av nærmare 55 000 kundar i året. Det er enorme mengder avfall som kjem inn, og innføring av gjennomsiktige sekkar er eit konkret grep på å sikre at dette avfallet blir sortert riktig.

—  Vi er sjølvsagt på staden for å hjelpe kundane, men det er utfordrande når vi ikkje ser kva som ligg i sekkane. Mange har samla avfall over fleire månadar eller år. Då er det fort gjort å gløyme det som ligg i botnen av sekken, forklarar Dvergsdal.    

Sorter slik du vil – så lenge innhaldet er synleg

Dei nye reglane gjeld alle typar avfall, også kjeldesortert avfall og hageavfall. Vi oppmodar til å bruke éin sekk per avfallstype. Det er sjølvsagt i orden å levere avfallet i ein open tilhengar eller på andre måtar der avfallet er synleg.

—    Poenget er at operatørane skal få oversikt over det som blir levert, og saman med kunden sortere i riktig konteiner på gjenvinningsstasjonen . Vi veit at farleg avfall og elektronikk ofte vert kasta i restavfallet, noko som i verste fall kan føre til brann. Med betre oversikt over innhaldet, får vi sortert dette riktig frå starten av. Dette vil også gjere arbeidskvardagen til dei tilsette tryggare.

Plastsekkar kan du kjøpe i butikkane

Gjennomsiktige plastsekkar får du kjøpt hos dei fleste daglegvarebutikkar og byggevareforhandlarar rundt om. Vi påpeiker at SUM-sekkane til plastemballasje ikkje skal brukast til anna avfall enn plast.  

—    Dette kjem vi til å vere strenge på. SUM-sekkane er spesiallaga til plastsortering, og dei skal berre nyttast til det formålet. Vi kjem ikkje til å ta imot avfall som er sortert i desse sekkane med mindre dei inneheld plast.

Meir til gjenvinning

EU stiller krav om 65 prosent materialgjenvinning innan 2035. Då er det viktig at vi sorterer riktig i alle ledd. Dei siste åra har mange renovasjonsselskap innført krav om gjennomsiktige sekkar på gjenvinningsstasjonane sine, med stor suksess.

—    Dei melder om tryggare og enklare kvardag for operatørane, meir riktig sortering og høgare grad av materialgjenvinning, altså at avfallet vert om til nye råvarer og nye produkt.

Det tar tid å endre vanene til folk, og det har vi forståing for. Derfor vil vi gradvis fase ut dei svarte sekkane som mange brukar i dag.

—    Vi oppmodar alle om å allereie no å starte sortering i gjennomsiktige sekkar, avsluttar Dvergsdal.

No startar vi utkøyring av nye plastsekkar

Frå måndag 9. oktober og utover skal vi levere plastsekkar heim til deg. Det einaste du må hugse på er å sette ut dunken din.

Tidlegare har vi delt ut på tømmedagen for plast og papir, men i år har vi med oss rullane på alle rutene. Altså legg vi plastrullar på både blå, grøn og svart dunk. Dette er for å gjere prosessen meir effektiv, og sikre at du skal få nye sekkar så fort som mogleg. (For ja, vi er seint ute, og det beklagar vi).

Hjelp! Eg er på haustferie

Då skal du senke skuldrane og kose deg i ferien. Dersom du ikkje er heime og kan sette ut dunken din, får du plastrullen levert i ei av dei påfølgande vekene. Du må berre hugse å sette ut dunken din på ein tømmedag i nærmaste framtid.

Det er også mogleg å hente ut ny rull med sekkar i lokala våre i Elvegården (3. etg) i Førde sentrum.

 

For deg som bur i Naustdal

I januar blei det innført fleksibel gebyrmodell på postnummer 6817. Det vil seie at du betaler for kor mange gonger du tømmer matavfall og restavfall. Med andre ord: dei som er flinke til å sortere, betalar mindre.

Dersom du ikkje har behov for å få tømt matavfallsdunken din eller restavfall dei kommande vekene, kan du sette fram papirdunken for å få nye plastsekkar. NB: papirdunken vert ikkje tømt.

 

Ingen ekstra kostnad

Alle husstandar i dekningsområdet vårt har plastrullar inkludert i årsgebyret sitt. Kor mange avhenger av kor stor dunk kvar enkelt har.

  • 140 l papirdunk – 1 rull (12 sekkar)  

  • 240 l papirdunk – 2 rullar (24 sekkar)

  • 660 l papirdunk – 5 rullar (60 sekkar)

 

Merk deg at vi berre hentar plastsekkar som er utlevert av SUM. Dersom du har samla plast i ein anna sekk, må du flytte innhaldet over i ein SUM-sekk.

Rein plastemballasje er viktig

Mykje av plastemballasjen er rein nok når den er tom. Plast frå ein salamipakke treng du ikkje å skylje sjølv om den fortsatt er litt feittete. Ketsjupflasker, yoghurtbeger og liknande bør du skylje i kaldt vatn før du kastar den i returplasten. Miljøgevinsten forsvinn dersom alle brukar varmt vatn for å skylje vekk mat- og andre restar frå emballasjen. Ein god regel er at plasten bør vere rein nok til at den ikkje begynner å lukte vondt.

 

Les meir om gjenvinning av plastemballasje på sortere.no